Avdelingsdirektør Kommunikasjon og samfunnskontakt i Sjøfartsdirektoratet, Dag Inge Aarhus, er ein del av leiargruppa i direktoratet. – Det var eit strategisk val som vart gjort at den som leiar kommuniksajon skal sitja i leiargruppa, for å vera tett på det som skjer. I Ukraina-situasjonen der det er behov for kommunikasjon ut til næringa, er det viktig at me sit der beslutningane blir tatt.

Slik skapte Sjøfartsdirektoratet internt engasjement på viktig tryggleikskampanje

Har merka intern haldningsendring etter stor skepsis i byrjinga.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

(Haugesund) – Det er sikkerheitspolitiske omsyn som må takast. Det vert meir komplisert å driva med kommunikasjon i denne situasjonen. i byrjinga då me snakka om å heva sikringsnivået måtte me ha dialog med UD berre for å ikkje laga krøll, men mens me diskuterte det gjekk Russland til krig, då er det avklart og det var berre til å heva det. Men i starten var det meir kinkig og me skreiv til dømes ikkje at me hadde stabsmøte dagleg, som me gjorde då det var korona, der me følgde situasjonen med daglege møter.

Det seier Avdelingsdirektør Kommunikasjon og samfunnskontakt i Sjøfartsdirektoratet, Dag Inge Aarhus, til KOM24 då me møter han på hovudkontoret i Haugesund.

– Enklare under korona

Der er det over 200 byråkratar samla og ein kommunikasjonsstab som tel ei handfull menneske.

Den siste dryge månaden har krigen i Ukraina påverka tett korleis dei har jobba. Særleg i byrjinga var det ein del omsyn å ta for dei. Fordelen deira er at dei kunne spela på ein del erfaringar frå koronapandemien.

– Det var nok enklare under korona, for det var ikkje noko sikkerheitspolitisk aspekt og UD å forholda seg til. Då kunne det vera meir tut og køyr frå dag ein, at me har sett krisestab og liknande. No har me tona det litt ned, men me gjekk tidleg ut med heving av sikringsnivå og gjekk og ut til reiarlag og bad dei ta kontakt om dei hadde spørsmål om Ukraina og bad dei vera meir årvaken, seier Aarhus.

Marit Nilsen i Sjøfartsdirektoratet

Han fortel at slike ekstraordinære situasjonar påverkar måten dei jobbar på i det daglege og at andre ting kan måtte venta i spesielle situasjonar. Erfaringa frå koronasituasjonen er at det er viktig å bruka si eige heimeside som formidlingskanal, så dei ikkje treng å informera eit og eit reiarlag.

– Er det to reiarlag som lurar på noko, er det sikkert ti andre som og gjer det, seier han.

Men det er ikkje berre dei store tinga dei jobbar med, dei er og tett på dei meir lokale tinga. Ein av dei større kampanjane dei har er Sjekk sjarken, der inspektørane i to veker legg vekk påleggs-blokka og heller er ute og gjev fiskarane gode råd om tryggleik.

Lågterskelkampanje

– Då er det fagavdelinga som kjem til oss med behov for kommunikasjonstiltak og så jobbar me i lag for å setja saman ein plan om kor tid skal me ut med kampanjen og korleis skal me nå ut og den typen ting, fortel Marit Nilsen.

Ho seier at det er ein lågterskelkampanje der fiskarane ikkje skal føla at Sjøfartsdirektoratet kjem med ein peikefinger.

– Tilbakemeldinga er god og me prøver å engasjera dei som er ute, seier ho.

Ein av måtane dei jobbar med engasjement er ved å få fiskarane til å senda inn bilete av seg sjølv.

Men Nilsen og Aarhus innrømmer at det måtte gjerast ein jobb internt hjå dei og for å klara å skapa engasjement rundt kampanjen.

– Det sleit me med dei fyrste gongene, me fekk ikkje inspektørane til å ta bilete. Men når me skapar forståing internt for kor viktig det er å synleggjera kampanjen og skapa engasjement, så har det vore lettare å få inn bileta og då er den meir synleg med ein gong, seier Aarhus.

Han fortel at dei merkar ei haldningsendring internt om at brukar dei sosiale medium rett, så kjem dei lenger enn med ei annonsen i Fiskeribladet.

– For då når du ut til folk og du treff noko som rører ved folk, seier han.

Difor har dei byrja å versjonera enno meir når dei brukar sosiale medium. På Facebook slepp dei nyheiter og Linkedin brukar dei til innhald som er enno meir bransjeretta. Medan på Instagram prøver dei å visa den menneskelege delen av direktoratet.

Revurderer kanalstrategien

– På insta har me valt å visa ei meir intern sida som ikkje har gjort før og der viser me alt slags, seier han og viser til alt frå sertifikat frå «Sleipner» til interne bartar.

Dei får mykje meir tilbakemeldingar og meir samhandling på Instagram og har vore nøydd til å ta meir grep om det og dei trur dei må gjera det meir framover.

– Me må revurdera kanalstrategien og kven me treff kvar, innser han.

Dei satsar no meir på video og grafikk og har ansatt Erlend Bjelland til å ta seg av tenester internt, som dei før kunne bruka nærare ein million kroner på å kjøpa inn årleg.

Men sjølv om dei når ut i sosiale medium, merkar dei og av og til bakdelen med å ikkje sitja i Oslo. Vegen for å komma på dei nasjonale nyheitene kan vera lang av og til.

– Når eg ringer til vaktsjef i Dagsrevyen om ulukkestal i fritidsbåtar, så veit eg at om eg sit i Oslo og dei vil laga sak på det er det Dagsrevyteamet som kjem, men når me seier me sit her i Haugesund så må me snakka med distriktskontoret og då er plutseleg vegen lenger, seier han.

Han peikar på at fyrst må dei fyrst selja saka inn til lokalkontoret i Rogaland og så må NRK Rogaland selja saka inn til riks.

– Så me føler at vegen er veldig lang for å komma på riks på NRK, innrømmer han.

I Haugesund prøver dei å bruka lokalavisa Haugesunds Avis for å nå ut med innhald, men opplever at sakene dei prøver å selja inn ikkje er lokale nok.

– Av og til følast det enklare å få Teknisk ukeblad til å dekka ein nasjonal konferanse i Haugesund enn Haugesunds Avis, seier han.

Han peikar samstundes på at lokalavisa er den nyheitskjelda som har tredje flest saker på trykk frå direktoratet.

Aarhus seier dei har hatt nokre møter med lokalavisa og tilbakemeldinga er at i og med at det gjerne er snakk om ein nasjonal konferanse er det ikkje alltid naturleg for dei å dekka den.

– Så då må me jobba meir med å finna dei lokale vinklingane. Det me ser i regional og lokalpressa er at det er der me har størst potensial, så me må vera flinke til å finna dei lokale vinklingane, seier han.

Powered by Labrador CMS