Men politisk annonsering på papir var ikkje daudt - no kranglar Frp og SV så bustene fyker på papir
– Målet med annonsane på onsdag, var å rette opp misvisande påstandar frå Frp.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Det seier valkampsjef for Sosialistisk Venstreparti (SV), Kristian Fjellanger, til KOM24.
Førre laurdag hadde Framstegspartiet (Frp) inne annonse i VG der dei kom med fleire påstandar mot SV og deira skattepolitikk. Det fekk SV til å plukke opp hansken og svara på papir og digitalt. Onsdag svarte dei over eit dobbeltside i både Aftenposten og VG.
– Løgnaktige påstandar
– Me annonserer i papiraviser i svært liten grad. Grunnen til at me valde å annonsera i fleire aviser i går, var at Frp annonserte i dei same avisene på laurdag, der dei valde å spre misvisande og løgnaktige påstandar om SV sin politikk. Dette måtte me svara på, seier Fjellanger.
Det var Kampanje som omtalte saka fyrst.
Fjellanger seier at dei i all hovudsak annonserer i sosiale medier, men også nokre annonser i aviser på nett.
Han seier at det var den rette staden å ta til motmæle i Aftenposten og VG, sidan det var der Frp fyrst kom med sine påstandar.
– VG og Aftenposten er jo dei to største avisene i Noreg, så me når jo bredt med å annonsere i desse avisene, og det er jo sjølvsagt dei same annonsane i den digitale avisa, seier han.
Fjellanger seier at den beste effekten får dei om dei klarar å kombinera fleire kanalar samstundes.
Har auka annonsebudsjettet
– Sosiale medier er viktig, men det å møte ein SV-aktivist for ein prat, er jo gjerne den beste måten å overtyde ein veljar om at SV er det rette partiet for deg.
Før årets valkamp har SV rekruttert fleire tilsette på innhaldsproduksjon og sosiale medier.
– For å sikra at me har nok og bra innhald til sosiale medier, samt auka budsjetta til annonsering. Det er nok den største skilnaden frå tidlegare år, fortel han.
I Frp-leiren humrar dei over at SV heiv seg rundt og svarte dei.
– Det var interessant å sjå at dei brukte annonseplass på den måten. Det betyr vel at me har rørt ved noko som har noko for seg, seier marknadssjef i Framstegspartiet, Helge Fossum
– Vanskeleg å måla effekten
Han seier at sånn meiningsmålingane er no vil «sosialistane i SV og Mdg» få innflytelse.
– Då er det greitt at veljarane ser alternativa, seier han.
Han seier at ved å annonsera i avis vil dei nå ut til mange med bodskapen sin. Men kva effekten er, innrømmer han at er vanskeleg å seia noko om.
– Det er alltid vanskeleg å måla effektane, det er 13. september som vil visa effekten av det me har gjort, seier han.
Fossum seier Frp har omtrent dei samme ressursane tilgjengeleg i årets valkamp som i førre valkamp.
– Me har dei ressursane me har og me må bruka dei ressursane me har smartast mogleg, seier han.