Karen Mjør er tilsett som rådgjevar i Zynk
Zynk fortset arbeidet innan myndigheitskontakt ved å henta Karen Mjør frå Oslo kommune.
Urolege tider skapar etterspurnad hos Zynk. Karen Mjør er det siste tilskotet i stallen av rådgjevarar. Ho hadde fyrste arbeidsdag hos Zynk 2. april.
– Både norske og internasjonale verksemder opplev at rammevilkår deira har vorte meir uføreseielege. Dei kjem til oss for å få råd om korleis dei kan få større føreseielegheit, få gjennomslag og rett og slett for å forstå kva som skjer. Me er difor veldig nøgde med å få eit talent som Karen om bord, seier leiar for samfunnsavdelinga i Zynk, Kristian Sarastuen i ei pressemelding.
Sarastuen vart sjølv tilsett som partner i Zynk 1. januar i år, etter å ha leia Burson Cohn & Wolfe i Noreg dei siste fire åra.
Karen Mjør kjem frå stillinga som kommunikasjonsrådgjevar i byrådsavdeling for utdanning i Oslo kommune.
Der har ho jobba med mediehandtering for utdanningsbyråden som har politisk ansvar for skulane og barnehagane i Oslo. I Zynk skal Mjør jobba med myndigheitskontakt, innsikt og analyse, strategi og mediehandtering.
– Etter å ha jobba med pressekontakt i nokre år, kjende eg at tida var inne for å utforska kommunikasjon i eit breiare perspektiv. Zynk er den perfekte staden for å gjera nettopp det. Deira samansetjing av dyktige kollegaer med høgt fagleg nivå og spanande kundar, overtydde meg om at dette var rett steg å ta, seier Karen Mjør.
Karen Mjør er utdanna lektor i samfunnsfag ved NTNU, og skreiv masteroppgåve om media si dekning av politiske skandalar. Før ho byrja i Oslo kommune, jobba ho i stortingsgruppa til Arbeiderpartiet då dei tok valsigeren i 2021.
Mjør leia også Studentersamfundet i Trondheim gjennom det fyrste året av pandemien.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no