Bilde av en bygning i flere farger og Oslomet logo.
Som vanleg er det mange som vil studera kommunikasjon ved OsloMet.

Dette er dei mest populære kommunikasjonsstudia

Tala frå Samordna opptak kom på fredag. 

Publisert Sist oppdatert

Om ein ser bort frå koronaåra, har det aldri vore fleire søkarar til høgare utdanning. 

Det viser tala frå Samordna opptak, som kom fredag.

I år har 142 416 personar søkt om studieplass i høgare utdanning via Samordna opptak. Det er 6 436 fleire enn i fjor.

I våre bransjar er det Innovasjon, markedsføring og ledelse ved NLA som har flest søkarar med 11 søkarar som har studiet som fyrsteval, per studieplass.

Deretter kjem to studium ved OsloMet. 

Årsstudiet i medium og kommunikasjon og Design og kommunikasjon i digitale medium, deltid har høvesvis åtte og fem søkarar studia som fyrsteval, per studieplass.

Om ein ser på det samla talet på kor mange som har eit studium som sitt fyrsteval er det Markedsføring og ledelse som har flest søkarar. Der er det 395 søkarar som kjempar om 110 studieplassar. 

– Veldig mange har søkt seg til høgare utdanning i år. Det er bra for den enkelte, for det norske samfunnet og arbeidslivet. Mangel på kompetanse er ei stor utfordring i Noreg. Derfor er eg glad for at endå fleire er klare for ta ei utdanning og bygge eit godt liv for seg sjølv og ei god framtid for oss alle. Så er eg spesielt nøgd med den store auka i søkinga til sjukepleiarutdanningane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS