74 kandidatar kjempar om å verta kommunikasjonsrådgjevar på UiB
Sjå heile søkarlista her!
Denne artikkelen er over to år gammel.
Universitetet i Bergen er på jakt etter ein person som vil jobba med internkommunikasjon hjå dei.
Internkommunikasjonen sine hovudoppgåver er å sikra ein informert organisasjon, vera eit verkemiddel for endrings- og leiingskommunikasjon, og legga til rette for bygga ein positiv organisasjonskultur.
Arbeidsoppgåvene til den som får jobben inkluderer eit bredt spekter av kommunikasjonsformer og krev ein initiativrik person med variert kommunikasjonsfagleg kompetanse, meiner UiB.
Digital forståing og interesse er ein føresetnad, og medarbeidaren evnar å produsere godt og engasjerande innhald både til eigne nettsider og ulike sosiale media.
Dette meiner 74 søkarar er spanande. Berre ein av dei, ei kvinne, krev at namnet vert halde hemmeleg.