Kommentar:
På tide å samle troppane
«Dei fleste journalistar er organiserte under same paraply, Norsk Journalistlag. Vi kommunikasjonsfolk står under så mange ulike paraplyar at vi hadde passa godt inn i gågata i Midtbyen i Trondheim. Det blir sjeldan slagkraft av slikt.»
Denne artikkelen er over to år gammel.
Det finst bortimot 90 000 kommunikasjonsfolk i Noreg, blir det sagt.
Det er mange, og det viser ein vekst i denne bransjen som er formidabel. Slike tal er tydelegvis skremmande for finansministeren, men det får heller vere, eg tykkjer dette er veldig bra. Bra fordi det synleggjer at kommunikasjon som fag blir tatt meir og meir på alvor. Den er på god veg til å bli heilprofesjonalisert.
Men vi kan likevel ta nye og viktige steg for å styrke posisjonen vår, og på den måten også utgjere ein større maktfaktor, både i eigne organisasjonar og i samfunnet generelt.
Blant dei som i dag blir telt under kategorien «kommunikasjonsfolk» finn vi nok mange ulike stillingstitlar, og det vil vere eit stort spenn i oppgåvefordelinga mellom dei som er i privat og offentleg sektor. Trass i dette, summen av desse ulike kloke hovuda utgjer så mykje slagkraft at vi med litt betre samhandling og samkøyring, som vi seier i vegvesenet, kunne posisjonert oss endå betre for framtida.
Eitt steg er å starte ei eiga fagforeining for bransjen. Ei foreining som jobbar for vårt fag, som går i forhandlingar med bransjespesifikke premissar og som ikkje minst kan bidra til å tydeleggjere kva og kven vi er.
Det trengst så absolutt etter at vi no har fått ei regjering som, sett litt på spissen, ikkje vil vite av delar av bransjen vår. I dag er mange av oss ikkje organiserte i det heile teke, og dei som er det finn vi nok i hovudsak i hovudorganisasjonane LO og Akademikerne med sine tilhøyrande medlemslag. Solide forbund alle saman, og det gir ein god tryggleik for arbeidstakarar å vere tilslutta desse mastodontane. Men faget vårt, til fingerspissane, kan dei ikkje.
SDei kan industri, dei kan handel og kontor, dei kan helse og akademia og det arbeidsliv og trepartssamarbeidet elles har å by på. Det er likevel så mange element i vårt fag som krev spisskompetanse, også i desse rollene, at eg trur tida er overmoden for å få noko meir ut av den muskelmassen vi trass alt har opparbeida oss.
Som arbeidsleiar ser eg sjølv kor skeive utslag forhandlingar om løn og tenestevilkår kan ha for mine kommunikasjonsrådgjevarar, som er organiserte i ulike fagforeiningar. Nokre løfter alle, andre løftar nokre få. Enkelte får kronetillegg, andre får lønstrinn. Somme profesjonar får fordelar andre ikkje får. Og slik er jo forhandlingslivet. I sum, bokstaveleg tala, over tid, trur eg kommunikasjonstilsette generelt har kome godt frå det. Det er likevel ingen tvil om at vi manglar den tydlege røysta rundt forhandlingsbordet. Røysta som representerer bransjen, og som legg fram krav berre bransjen har kunnskap og innsikt i å presenterte. Det går på heilskapen i det vi er og vil vere, ikkje berre kva vi er verdt i kroner og øre.
Det er på høg tid at vi samlar troppane, og i fellesskap slåst for den legitimiteten vi meiner faget vårt fortener. Kanskje kan vi gjere som journalistlaget, vere både ein interesseorganisasjon og ei fagforeining i eitt og same vi. Dei har trass alt berre 8000 medlemmer, men er likevel blitt ein viktig og frittståande fagforeiningsaktør i landet.
Då kan også vi få det til. Eg utfordrar difor Kommunikasjonsforeningen til å ta ballen vidare, og kanskje møtast vi ein gong der framme under paraplyen «Norsk kommunikasjonslag»?