Gjengen i Krible design har byrja å sjå utanfor heimtraktene sine etter arbeid.
Gjengen i Krible design har byrja å sjå utanfor heimtraktene sine etter arbeid.

Vesle Krible design stakk av med anbod føre nasa på TRY og Apeland

Vil veksa og strekka seg ut av Gudbrandsdalen.

Publisert

– Det er jo artig når det er den typen byrå som er med i konkurransen. Det ville vore rart å seia noko anna.

Det seier Janne Kolås, byråleiar og designar i vesle Krible design på Vinstra.

Det vesle designbyrået sikra seg anbodet for kommunikasjonstenester, grafisk design og produksjon for Renovasjon i Grenland IKS, saman med Aksell. 

Der slo dei knockout på langt meir kjente byrå som TRY Råd, Apeland, Wera, Bolt Communication, October Design og Mediateam Kommunikasjon.

Anbodet, som har ein verdi på 300–350 000 kroner i eit normalår utan større prosjekt eller nye tiltak, vart vekta med 40 prosent på pris og 60 prosent på kvalitet. 

Krible design består av sju designarar og har i utgangspunktet sitt nærområde i Gudbrandsdalen, men no ser dei og etter jobbar andre plassar. 

– Dette er ikkje fyrst og framst eit resultat av ein tøft marknad, men me har hatt lyst til å utvida marknaden og dette er ei teneste som ikkje krev at me sit fysisk i hop, seier ho. 

Kolås seier at alle avtalar som gjev dei føreseielegheit og eit langsiktig perspektiv er bra for dei.

Denne avtalen er på to år og har to opsjonar for forlenging på eit år kvar. 

Det var Bodoni, 07media og Gjerholm som hadde avtalen fram til no. 

Kolås seier at dei har ein plan om å vera med og kjempa om fleire offentlege anbod i framtida. 

– Me jobbar oss inn på området. Det er ein eigen måte å skriva offentlege anbod på og det er mykje ein skal læra seg som ein ikkje har spisskompetanse på, når ein eigentleg jobbar med design, seier ho. 

I kvardagen jobbar dei mest med store prosessar på visuelle identitetar og merkevarestrategiar frå både små og større prosjekt. Nettsider og illustrasjonar jobbar dei og med. 

Byråleiar Janne Veronika Kolås
Byråleiar Janne Veronika Kolås

Dei har ikkje byrja på jobben for Renovasjon i Grenland IKS.

– Me skal ha eit møte med dei om ikkje so lenge og me gler oss til å byrja å jobba med dei etter kvart, seier ho.

Rune Stokke er renovasjonssjef og han skriv i ein e-post til KOM24 at RiGs kommunikasjon skal bidra til økt kundevelnøye, økt grad av kjeldesortering og riktig bruk av avfallsordninga. 

– Målet er vedtatt som del av RiGs strategiske kommunikasjonsplan 2021–2025. I tillegg til noko eigenproduksjon, skal tenestene som er anskaffa i rammeavtalen, bidra til at me lukkast med oppdraget. 

Stokke seier dei er nøgd med å ha fått inn så mange tilbydarar.

– Me ser fram til å samarbeida med aktørane som gav det beste tilbodet, seier han.

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS