Iselin er ny kommunikasjonsdirektør i politiet
– Det er ei kjempemoglegheit og eg ser fram til det.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Nyleg vart det kjent at det er Iselin Nevstad Øvrelid som er ny kommunikasjonsdirektør i Møre og Romsdal politidistrikt. Ho overtek jobben etter Olav Sindre Rise.
– Eg gler meg veldig mykje, det er ei kjempemoglegheit, seier Øvrelid til KOM24.
Spanande
Ho seier ho alltid har sett på det som spanande å få jobba i politiet.
– Eg trivst med å jobba med krisekommunikasjon og no har me hatt nokre år med ei pågåande langvaring krise knytt til pandemien. Det er spanande når det skjer hendingar utanfor normal drift som skal handterast, seier den nye kommunikasjonsdirektøren.
I dag jobbar ho som kommunikasjonssjef i Herøy kommune. Fyrste november er fyrste dag i ny jobb.
– Eg gler meg til å verta kjend med politiet som organisasjon og menneska som utgjer den, seier ho
Øvrelid seier det er viktig kommunikasjonsarbeid politiet gjer og at å få vera med på det er veldig spanande.
Det er førebygging som er hovudstrategien til politiet og dette er noko ho og har jobba med i Herøy kommune.
– Eg gler meg til å jobba vidare med det og synleggjera det arbeidet, seier ho.
Opne og ærlege
Ambisjonen hennar er at politiet skal opplevast som opne, ærlege, trygge og kunnskapsrike.
– Me skal kommunisera godt med innbyggarane i heile distriktet. Men ein skal og ha ein høg grad av tillit til politiet både lokalt og nasjonalt, seier ho.
Før Øvrelid vart kommunikasjonssjef har ho også arbeidd med blant anna kommunikasjon, rekruttering og koordinering av mannskap i to reiarlag.
34-åringen er utdanna journalist ved Høgskulen i Volda og har ei mastergrad i nynorsk skriftkultur og studiar i krisekommunikasjon ved same utdanningsinstitusjon.
– Eg har hatt ei bratt læringskurve i jobben eg har hatt. Eg har jobba med krisehandtering og kommunikasjonsarbeid generelt, og eg tek det som tillitserklæring at eg fekk den jobben. Me har fått gjort mykje bra på Herøy, seier Øvrelid.
I Herøy kommune er dei eit team på tre tilsette, i hennar nye jobb vert dei to.
Skulle verta journalist
Ho fortel at det var litt tilfeldig at ho slo inn på ei karriere i kommunikasjonsbransjen.
– Eg har alltid hatt tankar om at eg skulle verta journalist, det bestemte eg meg tidleg for. Men det er litt tilfeldig kor ein hamnar. Det har ikkje vore eit bevist val å jobba med kommunikasjon, innrømmer ho. Men ho er glad for valet ho har gjort.
– Eg trivst godt med kommunikasjonsarbeid der me er tett på innbyggarane våre, kommunikasjons og informasjonsarbeid som gjev ein meining for andre er det mest spanande.