Desse vil verta kommunikasjonsdirektør i Helse og omsorgsdepartementet
Søkarlista er no klar. Heile fire kandidatar har trekt seg.
I mars slutta Mona Sæverud Higraff som kommunikasjonsdirektør i Helse og omsorgsdepartementet for å byrja som avdelingsleiar for kommunikasjon og marked i Delta.
Sidan då har Andreas Keus vore konstituert kommunikasjonsdirektør. Han er og ein av søkarane til stillinga som kommunikasjonsdirektør.
Søkandsfristen gjekk ut den 1. mai, men fyrst no har pressa fått tilgang til søkarlista.
Den inneheld 14 kandidatar, ni kvinner og fem menn.
Men etter at fristen gjekk ut har fire av kandidatane trekt seg. I tillegg har to av søkarane fått innvilga fullt hemmeleghald, alt ein veit om dei er at det er ein mann og ei kvinne.