Marie Havnen har vore kommunikasjons og strategidirektør i Lotteritilsynet i tre år, no vil ho berre vera kommunikasjonsrådgjevar.
Marie Havnen har vore kommunikasjons og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet i tre år, no vil ho berre vera kommunikasjonsrådgjevar.

Marie degraderer seg sjølv frå direktør til kommunikasjonsrådgjevar

– Eg vil gjera det eg har mest lyst til, ikkje det andre forventar av meg.

Publisert Sist oppdatert

Der mange menneske drøymer om å klatra så høgt dei kan i karrierestigen og brukar masse tid og energi på å få dei beste posisjonane, er det og andre som går heilt andre vegar.

Mellom desse er Marie Havnen som dei siste åra har vore kommunikasjons- og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

No har ho degradert seg sjølv til å vera ein vanleg kommunikasjonsrådgjevar. 

– Eg har hatt forskjellige leiarjobbar sidan 2018, det har vore både kjekt og utfordrande. Men eg har kjent ei stund på at eg saknar å jobba tettare på faget, seier Havnen til KOM24.

– Eg kjenner eg vil gjera det dei andre på avdelinga gjer, seier ho. 

Havnen har hatt direktørstillinga sidan januar 2021. Då kom ho frå Firda kor ho var både utviklingsredaktør og konstituert som ansvarleg redaktør ein periode. 

Plutseleg opna det seg ei stilling på avdelinga ho leiar då ein av dei tilsette slutta etter litt over eit år i stillinga.

Då måtte Havnen kjenna etter på kva ho eigentleg ville. Svaret vart at ho hadde lyst til å byta jobb.

Eit val som kanskje ikkje alle ville gjort. 

– Eg vil gjera det eg har mest lyst til, ikkje det andre forventar av meg, seier ho.

– Men det er eit uventa steg for mange?

– Arbeidslivet er langt og eg er ikkje uroa for at eg seier frå meg ein sjanse no. Om eg vil verta leiar igjen eller ha meg ein annan type jobb, så kjem det andre moglegheiter. Men no er det akkurat dette eg har lyst til, seier ho. 

– Men samstundes, du bur i Førde der det kanskje avgrensa med slike moglegheiter?

– Ja, det er det.  Men eg kan ikkje la vere å byte stilling, når eg kjenner på lyst til det, i frykt for at eg skal angra, meiner ho.

Havnen seier at hennar næraste leiar har bedt ho, ved fleire høver, om å halda fram i jobben.

Dei har alt lyst ut jobben hennar. No skal ho jobba for nokon som skal overta hennar gamle jobb.

 – Eg lovar å vera ein god tilsett seier ho.

Ho meiner det skal gå bra at andre overtek det som har vore hennar oppgåver til no, medan ho skal verta ein vanleg tilsett.

– Skulle det ikkje fungera finn eg meg ein annan jobb. Hadde eg tenkt det var vanskeleg hadde eg ikkje gjort det, seier ho.

Havnen er i mammapermisjon for tida og kjem tilbake i jobb på nyåret. Då i ny stilling.

– Eg kjenner eg gler meg til å byrja og skriva meir og jobbe endå tettare på fagområda våre, seier ho.

Atle Hamar er den øvste sjefen hennar i Førde peikar på at folk kjem i ulike livsfasar og har behov for å ta nye val.

– Det må ein respektera. Men eg er glad ho er med i organisasjonen vidare. Ho er ei meget kompetent dama med stor kommunikasjonsfagleg innsikt med seg, seier han.

Han har tru på at dei vil klara å få fatt i ein god erstattar for Havnen.

– Dei siste tre åra har det vore god rekruttering til Lotteri- og stiftelsestilsynet og eg har god tru på at me får gode søkarar også no, seier han.

Powered by Labrador CMS