Dette annonsørfinansierte innlegget på Kampanje lenka vidare til ulovlege pengespel. Det er ikkje Lotteritilsynet særleg nøgde med. Kampanje-redaktør Knut Kristian Hauger seier dei vil stramma opp rutinane i etterkant.
Dette annonsørfinansierte innlegget på Kampanje lenka vidare til ulovlege pengespel. Det er ikkje Lotteritilsynet særleg nøgde med. Kampanje-redaktør Knut Kristian Hauger seier dei vil stramma opp rutinane i etterkant.

Lotteritilsynet reagerer: – Etter vårt syn burde Kampanje gjort ein betre jobb

– Har ikkje vore grundige nok.

Publisert

– Etter vårt syn burde Kampanje ha gjort ein betre jobb og undersøkt nærmare innhaldet før artikkelen blei lagt ut. Media er stort sett svært bevisste på kva dei publiserer på nettsidene sine. I dette tilfellet har ikkje Kampanje vore grundige nok.

Det skriv Tore Bell, konstituert avdelingsdirektør for pengespel i Lotteritilsynet i ein e-post til KOM24.

Bakgrunnen er ein annonsørfinansiert artikkel som vart delt på Kampanjes flater måndag denne veka. 

Forbode

Artikkelen inneheld ei lengre argumentasjonsrekke om kor populært pengespel er og det vert argumentert for at pengespel burde vore lovleg i Noreg. 

I artikkelen vert det og hevda at det er store mørketal på talet speleavhengige i Noreg, på grunn av at myndigheitenes restriksjonar på pengespel.

Tore Bell, konstituert avdelingsdirektør pengespel i Lotteritilsynet, seier dei ser alvorleg på at Kampanje lenka til pengespel i ei annonse på sine nettsider.
Tore Bell, konstituert avdelingsdirektør pengespel i Lotteritilsynet, seier dei ser alvorleg på at Kampanje lenka til pengespel i ei annonse på sine nettsider.

Byline er det Bazoom som har, som er eit dansk marknadsføringsbyrå. 

Men klikka ein på den lenka kom ein inn på ei ny side kor det vart lenka direkte til ulovleg pengespel.

Det er forbode å marknadsføre og formidle pengespel som ikkje har løyve i Noreg. Dette omfattar også lenker i redaksjonelle artiklar til nettsider som promoterer slike pengespel.

Spelet Kampanje lenka til kan sjå lovleg ut fordi dei blant anna tilbyr spel gjennom norsk språk.

– Noko av det mest risikofylte me har

– Men dei marknadsførar pengespel som er nokre av dei mest risikofylte me har. Det ser me alvorleg på, skriv Bell.

Han legg til at dei må komme tilbake til om dette skal få nokre konsekvensar for Kampanje.

– Me er overraska over at dei publiserer ein slik artikkel. Me er fornøgde med at Kampanje raskt fjerna lenka til ulovleg nettside i artikkelen, skriv Bell og skriv vidare at dei reknar med at dette var ein glipp frå redaksjonen.

– Me er fornøgde med at Kampanje har fjerna lenka etter å ha fått informasjon om regelverket, skriv han vidare. 

Dagleg leiar og ansvarleg redaktør i Kampanje, Knut Kristian Hauger seier til KOM24 at dei har hatt eit samarbeid med Bazoom om slike annonsar ei tid.

– Me har ikkje opplevd utfordringar eller problem knytt til deira leveransar tidlegare, seier han.

Skal stramma opp rutinene

Han seier at Kampanje heller ikkje har problem med å publisera innlegg i samfunnsdebatten om spelmonopolet i Noreg. 

– Så var utfordringa her, som me vart gjort merksame på av Lotteritilsynet, at det var ei lenke som kunne ta lesaren til ei spelside. Då me vart gjort merksame på det, hadde me ikkje noko problem med det og fjerna lenka umiddelbart, seier han.

Knut Kristian Hauger, redaktør i Kampanje

Hauger seier at dette ikkje var eit forsøk frå dei på å utfordra regelverket. 

– Så får me berre ta det til etterretning og stramma opp rutinane internt i forhold til å lesa over og kvalitetssjekka dei tekstane me set på trykk på kommersiell plass.

– Korleis sjekkar de tekstane dykkar i dag?

– Eg føler me har god kontroll på det. Alle annonsar vert lese over så me skal unngå å hamna i slike situasjonar, seier han og legg til at dei berre må stå for det som har skjedd og skjerpa seg ved seinare høver. 

Han seier dei vil ta kontakt med leverandøren sin og gjera dei merksame på kva som har skjedd. 

Hauger seier at annonsen aldri vart vist på framsida av Kampanje, men var ei native annonse som vart vist i eit annonsedekk på slutten av artiklane. 

– Eg kan legga til at lenka Lotteritilsynet reagerte på tok lesaren til ei nettside kor det ikkje var nokre kasinospelmoglegheiter, men frå den igjen var det ei lenke til kasinospel. Så om det er nokon trøyst for Lotteritilsynet, så har det vore minimal skade her for å senda nokon til ulovlege sider. 

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS