– Trondheim kommune har saman med sine leverandørar jobba godt og har kome i mål med å rette det som vart avdekka i tilsynet. Dette kjem alle elevar i Trondheim til gode, og vil også vere positivt for alle andre kundar av leverandørane som har vore under tilsyn i denne saka, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Trondheim retta opp feil: – Dette kjem alle elevar i Trondheim til gode

Publisert

– Tilsynsprosessen har gitt oss enno betre innsikt i kva det vil seie å ha gode universelt utforma digitale læremiddel og andre nettressursar. Kommunen er fornøgd med at tilsynet vert avslutta, og vi vil i samarbeid med våre leverandørar halde fram med å ha merksemd om universell utforming, seier Bjørn Helge Græsli, kommunalsjef støtte, utvikling og innovasjon, i avdeling for oppvekst og utdanning, i Trondheim kommune.

Uu-tilsynet varsla i vår tilsyn med kommunane Bergen, Sunnfjord, Stavanger, Trondheim, Bodø og Tromsø.

Trondheim kommune er den første som er i mål. Tilsynet blir avslutta utan ytterlegare oppfølging.

– Trondheim kommune har saman med sine leverandørar jobba godt og har kome i mål med å rette det som vart avdekka i tilsynet. Dette kjem alle elevar i Trondheim til gode, og vil også vere positivt for alle andre kundar av leverandørane som har vore under tilsyn i denne saka, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

 – Vi håpar at tilsynsprosessen gir motivasjon til å fortsette å få på plass god universell utforming for digitale læremiddel, som ikkje har vore under tilsyn i denne omgang. Alle elevar fortener å kunne delta i skulen på like vilkår. Dette er eit viktig steg i rett retning. 

Tilsynsrapportane vart publisert på Uu-tilsynets nettsider i juni. Fristen for korrigering var satt til august og Trondheim kommune var i mål med dette innan fristen.

Powered by Labrador CMS