Marius Knutsen har byrja i Sustainable Energy
Marius Knutsen har byrja i Sustainable Energy

Den tidlegare VG-fotografen vert no selskapets fyrste kom-sjef

– Heile verda ser til Norge når det kjem til nye løysingar i skipsfarten

Publisert

– Sustainable Energy har ikkje hatt eigne kommunikasjonsressursar tidlegare, så no skal me laga ein heilt ny kommunikasjonsstrategi og staka ut ein kurs for framtida. Det er noko eg gler meg veldig til å ta fatt på!

Det seier ein nøgd Marius Knutsen til KOM24.

Han har nyleg byrja som kommunikasjonssjef i Sustainable Energy på Stord.

Den tidlegare journalisten hadde ein kort veg å gå då han gjekk frå jobben som kommunikasjonsrådgjevar i Maritime CleanTech.

Begge har nemleg hovudkontor i Wärtsilä-bygget på Heiane. Sustainable Energy sit i toppetasjen, medan Maritime CleanTech ligg i fjerde, to etasjar lenger nede. 

Sustainable Energy har fleire unike testfasilitetar, det mest kjende er Energy House som ligg vegg i vegg med kontorlokala deira på Stord. 

Selskap frå både USA, Finland og Norge reiser dit for å testa sin teknologi og sine løysingar. Alle testane skal verifisera grøn teknologi som blir verdas første av sitt slag. 

Knutsen kom til kommunikasjonsbransjen og Maritime CleanTech for fem år sidan og seier han stortrivs i Maritime CleanTech, der han var del av det han kallar for eit stort og dyktig kommunikasjonssteam. 

– Eg fekk læra mykje, både om kommunikasjonsfaget og om den maritime industrien. Men når det dukka opp ei ny og spennande mogelegheit, følte eg likevel tida var inne for å ta fatt på nye utfordringar, seier han.

I sin nye jobb kjem han til å driva mykje med innhaldsproduksjon, som er alt frå foto og video til tekst og grafisk materiale, eventar, pressemeldingar, rådgiving og myndigheitskontakt.

– Korleis er det å jobba med kommunikasjon på ein liten plass?

– Stord er ein liten by og bu i, men eg føler ikkje eg jobbar på ein liten arbeidsplass. Me kommuniserer med heile verda dagleg. Heile verda ser til Norge når det kjem til nye løysingar i skipsfarten. Me reiser mykje og får mykje besøk, seier han.

Og han lengtar ikkje tilbake til journalistikken igjen i det heile.

– Nei. Eg hadde det utruleg moro som journalist og fotojournalist både i Sunnhordland, VG og i Scanpix. Men no trivs eg veldig godt med mine nye oppgåver.

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS