Lotteritilsynet: Mange influensarar har stoppa marknadsføringa av ulovlege pengespel
– Vi ser ikkje den same openlyse marknadsføringa av ulovlege spelselskap, men bransjen er ikkje friskmeldt, seier Henrik Nordal i Lotteritilsynet.
I 2023 aukar Lotteritilsynet innsatsen sin mot marknadsføring av ulovlege pengespel i sosiale medium.
Ulovlege spelselskap har lenge brukt influensarar, idrettsprofilar eller andre kjendisar som ambassadørar.
– Dette er aktørar med stor kraft til å påverke, og denne typen marknadsføring treff i særleg grad barn og unge. Spelambassadørane er med på å normalisere dei farlegaste pengespela, og denne marknadsføringa kan lede barn og unge inn i desse spela, seier Henrik Nordal, som er avdelingsdirektør for pengespelavdelinga i Lotteritilsynet til eigne nettsider.
No har Lotteritilsynet kartlagt 40- 50 profilar som har bidratt til marknadsføring av pengespel eller som dei veit har hatt ei tilknyting til spelselskap.
– Det er få ambassadørar som blir fronta, og dei som når flest ser ut til å ha slutta med den openlyse marknadsføringa. Men vi ser også nokre som balanserer på grensa til å bryte lova. Vi kjem til å følge med, og ha fleire aksjonar i 2023, seier han.
Nokre ser ut til å ha endra språk til engelsk, for å omgå norsk lov.
– Vi vil understreke at marknadsføring og tilbod retta mot nordmenn er ulovleg, til tross for at språket er engelsk, peikar Nordal på.
Aksjonen viser at det skjer ein del streaming av pengespel, særleg gjennom videostrømmingskanalen Twitch. Her ser vi at influensarar streamar at dei spelar hos dei ulovlege selskapa.
Nokre av problemspelarane som er i kontakt med Hjelpelinjen nemner Twitch, og nokre fortel at dei følger influensarar som speler live på Twitch og at dei då speler sjølve.
– Denne streaminga er kanskje lett-tente pengar for influensarane, men det kan få store og alvorlege konsekvensar for sårbare ungdommar. Dette er spel vi ikkje ønskjer at nokon skal bli avhengige av. Dette kjem vi til å jobbe vidare med. Vi har kontakta Twitch, og kjem til å følgje det opp, seier Nordal.