Medietilsynet betraktar vilkåra i vedtaket om pengespelreklame frå 30. mars i år som oppfylte, og fråfell varselet om tvangsmulkt.

Medietilsynet fann ikkje ulovleg pengespelreklame på tv

Medietilsynet har ikkje funne pengespelreklame på Discoverys tv-kanalar FEM, MAX, VOX og Eurosport etter å ha kontrollert kanalane gjennom hausten.

Publisert Sist oppdatert

– Vi avsluttar derfor dette tilsynet med pengespelreklame på tv, som har haldt på sidan starten av 2021, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Medietilsynet vedtok tidlegare i år å pålegge fem tv-distributørar å stanse reklame for pengespel som ikkje har norsk løyve. Sida 1. januar 2021 har Medietilsynet hatt lovheimel til å kunne stanse slik tv-reklame. Mens tv-selskapet Viasat Group (tidlegare Nent Group) valde å respektere norsk lov ved å slutte å sende denne typen reklame då den nye lovheimelen kom, fortsette Discovery å sende slik reklame fram til 15.august i år, som var fristen frå Medietilsynet .

Kontrollen, som ble gjort i tida mellom 16. august og 1. desember i år på tv-kanalane FEM, MAX, VOX og Eurosport Norge, avdekka ikkje reklame eller sponsoridentifikasjonar for pengespel utan løyve.

– Medietilsynet betraktar derfor vilkåra i vedtaket frå 30. mars i år som oppfylte, og vi fråfell varselet om tvangsmulkt, seier Sekkelsten.

Sjølv om Medietilsynets vedtak har stoppa utanlandske pengespel på de største tv-kanalane som rettar seg mot Noreg, jobbar Lotteri- og stiftelsestilsynet vidare med å stoppe den ulovlege pengespelreklamen på internett og på sosiale medium.

Frå 1. januar neste år blir det strengare reglar for både dei utanlandske og norske pengespelaktørane, både ved å styrke lova for pengespel og gjennom ei ny forskrift.



Powered by Labrador CMS