Tonje Sagstuen i Norsk Tipping seier dei ikkje kjem til å auka pengebruken på fjernsynsreklame i haust.

Utanlandske pengespel-aktørar kuttar på marknadsføringa – norske brukar stadig meir

Men Norsk Tipping garanterer at dei ikkje skal auka marknadsføringa inn mot fotball-VM.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

(ARENDAL): Berre sidan hausten 2020 har norske aktørar som Norsk Tipping og Norsk Rikstoto auka pengebruken på marknadsføring på fjernsyn med 25 prosent.

Hausten 2020 brukte norske aktørar 99 millionar kroner på TV-reklame, medan dei våren 2022 har brukt 124 millionar kroner.

No brukar faktisk norske aktørar meir pengar enn utanlandske på pengespel-reklame på fjernsyn i Noreg.

60 prosent nedgang

Det kom fram under Medietilsynet og Lotteri- og stiftelsestilsynets debatt onsdag om korleis ein kan stoppa utanlandske pengespel-aktørar frå å reklamera i Noreg.

I same periode som norske aktørar har brukt stadig meir pengar på fjernsynsreklame har utanlandske spelselskap gått frå å bruka 230 millionar kroner våren 2020 til å bruka 91 millionar kroner våren 2022.

Det er ein nedgang på 60 prosent.

Hovudårsaka til det er den nye kringkastingslova som gjer det vanskelegare å reklamera for utanlandske pengespel i Noreg.

NENT valde å følga dei nye norske reglane frå dag ein, medan Discovery nyleg meldte at dei og vil stoppa å senda slike reklamar for utanlandske selskap frå 15. august til Oslo tingrett har fått behandla deira klage på reklameforbodet.

Tonje Sagstuen, kommunikasjonsdirektør i Norsk Tipping, varslar at dei kjem til å ta grep framover.

Ho forklarar auken i pengebruken slik:

– Me har vore gjennom eit år med store sportshendingar, det pregar vår miks og korleis me då marknadsfører oss til dei som vil spela sport så dei ikkje går ut av Noreg, fortel ho.

Sagstuen peikar og på at ei undersøking frå Medietilsynet viser at seks av ti nordmenn ikkje veit forskjellen på ein lovleg og ein ulovleg aktør når det kjem til pengespel i Noreg.

– Då er det noko med å synleggjera Norsk Tipping, seier ho.

Vurderer å stoppa direktemarknadsføring

Sagstuen fortel at måten dei har marknadsført seg i år er mellom anna eit større fokus på lotterispela, der mange spelar for relativt små summar.

Hausten 2020 stod utanlandske spelaktørar for 70 prosent av spel-reklamen på norsk fjernsyn. Våren 2022 var andelen 42 prosent.

– Så har me og i mediemiksen at mykje av vår reklame har vore ansvarligheitsbodskap og der me synleggjer Norsk Tipping meir enn produkta våre, seier ho.

Sagstuen seier at dei tek innover seg tala som Lotteritilsynet og Medietilsynet la fram onsdag og vil sjå på si totale marknadsføring opp mot det tala viser.

– Og når Discovery no går ut for ein periode må me kvar dag sjå kva er tilstrekkeleg for oss. Me kjem til å jobba med tiltak som tek ned synlegheita på dei meir aggressive spela, der dei som slit med pengespel gjerne spelar, seier ho.

Mari Velsand, Direktør, Medietilsynet

Det nærmar seg eit fotball-VM i haust og Sagstuen seier dei kjem til å sjå på korleis dei marknadsfører seg i haust.

– Kanskje skal me ta ned på synlegheit og kanskje stoppa direktemarknadsføring. Me tek innover oss dette her og tek absolutt utfordringa til å ta ned, seier ho.

Skal sjå på korleis dei kan vera synlege

– Men du seier kanskje, så det er ikkje sikkert de kjem til å ta det ned?

– Jojo, me tek ned. Men eg kan ikkje seia kva det vert. Me er i gang med det og har vore i gang med det lenge, seier ho.

– Men var det ei bevist handling frå dykk i 2021 då dei utanlandske aktørane måtte kutta på pengespelreklamen i Noreg, å bruka meir pengar på reklame?

– Nei, me vurderer kvar dag kva er tilstrekkeleg for å løysa det oppdraget me er gjeve.

– Men norske aktørar har brukt ganske mykje meir pengar sidan hausten 2020?

– I vår mediemiks har me totalt sett tatt det ned. Me prøver etter beste evne å disponera dei midlane me har, seier ho.

– Men no når NENT og Discovery ikkje sender reklame for utanlandske pengespel i Noreg og det kjem eit fotball-VM, er ikkje dette ein god moglegheit for dykk å bruka meir pengar på reklame for å verta meir synlege?

– Det kjem ikkje Norsk Tipping til å gjera. Me skal sjå på korleis me skal me synleggjera oss for å sikra at dei som vil spela sport vel oss, for dei utanlandske tilbydarane vert jo ikkje vekke, seier ho.

Powered by Labrador CMS