Medietilsynet og Lotteritilsynet ber norske pengespelaktørar om å redusere reklametrykket på tv
Marknaden for pengespelreklame på norske tv-skjermar held fram med å falle og gjekk ned med fire prosent det første halvåret i år samanlikna med same perioden i 2021.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Tal som Nielsen Media Research har henta inn for Medietilsynet, viser at marknaden for pengespelreklame på tv i Noreg har falle markant det siste året (frå juli 2021 til juni 2022). Marknaden fall frå 581 millionar til 444 millionar kroner, som er ein nedgang på 24 prosent.
Det skriv Medietilsynet i ei pressemelding.
Den største delen av reduksjonen kjem av at Viasat Group (tidlegare Nent Group) slutta å sende utanlandsk pengespelreklame 1. januar 2021. Da kom det ein ny regel i kringkastingslova som gir Medietilsynet høve til å pålegge norske tv-distributørar å stanse utanlandsk pengespelreklame retta mot norske tv-sjåarar. Men reduksjonen har halde fram også det siste halve året, da marknaden fall med fire prosent frå første halvåret i 2021.
Også Discovery har slutta
Etter at Medietilsynet tidlegare i år påla norske tv-distributørar å stanse utanlandsk pengespelreklame i strid med norsk rett på Discovery sine tv-kanalar MAX, VOX, FEM og Eurosport Norge, har Discovery mellombels stansa sendinga av slik reklame.
– Det er viktig at også Discovery følger lovendringa. Reklamen frå dei utanlandske pengespelselskapa har vore med på å normalisere dei mest aggressive speleformene via nettet, og å halde ved lag og dermed legitimere eit ulovleg tilbod. Det har derfor vore svært viktig å stanse denne reklamen, seier Velsand
Utanlandsk reklame framleis mest synleg
Etter at Viasat Group slutta å sende utanlandsk pengespelreklame, står dei norske pengespelselskapa for over halvparten av pengane som blir brukte på pengespelreklame på norske tv-skjermar. Likevel møter tv-sjåarane framleis mange fleire pengespelreklamar frå dei utanlandske pengespelselskapa. No tar både Medietilsynet og Lotteri- og stiftelsestilsynet til orde for at også norske aktørar bør vurdere å redusere reklametrykket sitt på norske tv-skjermar.
– Når Discovery no har slutta å sende utanlandsk pengespelreklame, må dei norske aktørane vurdere i kor stor grad dei skal vere til stades på tv. Situasjonen er annleis når behovet for å konkurrere om merksemda med dei ulovlege pengespela er borte, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Dei norske aktørane som i dag har løyve til å reklamere på tv, er Norsk Tipping, Norsk Rikstoto, Postkodelotteriet og Pantelotteriet.