Lotteritilsynet reagerte hardt då dei oppdaga at norske influensarar reklamerte for ulovlege pengespel.
Lotteritilsynet reagerte hardt då dei oppdaga at norske influensarar reklamerte for ulovlege pengespel.

Norske influensarar stansa ulovleg marknadsføring av pengespel

Dette skjer etter at Lotteritilsynet truga selskapet og influensarane med tvangsmulkt.

Publisert

Kapoow og tolv norske influensarar har tilbydd og marknadsført pengespel som har høg risiko for å skape speleproblem, mot unge norske følgarar. 

Både Kapoow og influensarane fekk varsel om tvangsmulkt onsdag 19. juni. 

To timar seinare hadde Kapoow stengt ned nettstaden.

– Vi ser svært alvorleg på aktiviteten og varsla derfor om tvangsmulkt til både selskapet og influensarane om dei ikkje stansa det ulovlege tilbodet, seier Lene Knapstad i Lotteritilsynet, til eigne nettsider. 

Tilsyn Lotteritilsynet har hatt med nettstaden Kapoow.com og deira sosiale kanalar på Twitch, YouTube, Discord og Instagram, viste at dei marknadsfører pengespel som ikkje er lovlege i Norge og at dei har brukt norske kjendisar og influensarar i marknadsføringa.

Kapoow.com er ein nettstad som gjennom WeSpin har tilbydd ein form for spelelag, der spelaren kjøper seg inn i kasinospelet som blir spelt og strøyma direkte via Twitch eller YouTube.

I tillegg hadde dei ei affiliate-side som vidareformidla lenker til fleire kasinospel, odds og poker.

Kapoow er etablert på Kypros, men tilsynet viser at det i all hovudsak er norske kjendisar og influensarar som marknadsfører speltilbodet.

Influensarane har deltatt i strøyming av pengespel på Twitch og YouTube. Dei har også marknadsført innhald frå Kapoow på sine eigne kanalar på blant anna Snapchat og Instagram.

Selskapet bak Kapoow vart truga med dagbøter på 250 000 kroner og kvar av influensarane, som er mellom anna John Arne Riise og Frank Løke, vart truga med dagbøter på 6000 kroner kvar.

Men dei vart altså aldri iverksett då dei stengde ned etter trugsmålet om dagmulkter kom frå Lotteritilsynet.

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS