
Sponsor vil tvinga inn ny styreleiar i fotballklubb
Meiner dei ikkje vert lytta nok til.
For mange som likar fotball er Sogndal på mange måtar synonymt med Lerum.
Saftprodusenten har vore ein stor sponsor i fotballklubben i 44 år, men no vurderer dei framtida si.
Det melder Sogn Avis.
Bakgrunnen for det heile er at dei har bestemt seg for å redusera sitt økonomiske bidrag for 2025-sesongen.
I eit ope brev, publisert i Sogn avis skriv hovudsponsoren fylgjande:
– Avstanden mellom oss er blitt større. Me føler at me ikkje blir lytta til, og me er usikre på om pengane me legg på bordet blir nytta effektivt. Me føler at det ikkje blir vist respekt, og at sponsorbidraget vårt blir teke som ei sjølvfølgje. Det er inga sjølvfølgje at det skal vera Sogndal Fotball og Lerum for alltid.
For at dei skal vera med vidare, med eit like stort bidrag, set dei ein del krav. I neste veka er det styremøte i klubben og hovudsponsoren vil no tvinga på plass ein ny styreleiar.
I dag er styreleiar Jan Rune Årøy, og han har sagt han vil halda fram. Men Lerum seier dei vil ha Tore Dvergsdal, eller ein annan, og at Årøy kan få lov å få ein styreplass.
Dei legg heller ikkje skjul på at utfallet på årsmøtet avgjer storleiken på bidraget deira.
– Det krevst ei styrkja tillit og tru på at klubben er på rett veg før me vurderer å auka det att. Årsmøtet vil vera avgjerande for retninga vidare, skriv dei.
I eit intervju med lokalavisa seier Trine Lerum Hjelhaug fylgjande:
– Det har sete langt inne, og er noko me har kjend på ei stund. Fordi me ønskjer Sogndal Fotball alt godt. Me veit kor viktig bedrifta er for utviklinga av Sogn og regionen. Difor føler me at me må seia ifrå no, fordi me er uroa for utviklinga med tanke på resultata dei siste åra, utdjupar ho til Sogn Avis.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no