Ein av tre søkarar til kommunikasjonsdirektørstilling vil ikkje stå fram med namn
Søkarlista til Oslomet er klar.
Som KOM24 skreiv om i vinter har Sverre Molandsveen slutta på OsloMet for å verta kommunikasjonsdirektør i NAV.
I mellomtida har Ingvild Straume fungert i stillinga som kommunikasjonsdirektør.
No har dei nyleg vore ute og søkt etter ein person som kan ha stillinga fast.
Avdelinga har rundt 30 medarbeidarar og jobbar med ei rekke fagområde, som forskingsformidling, mediekontakt, studentkommunikasjon, verksemdskommunikasjon, internkommunikasjon, nettsider, marknadsføring og studentrekruttering.
Den som får jobben skal fyrst og framst ha det overordna ansvaret for OsloMet sitt eksterne og interne kommunikasjonsarbeid og å leie arbeidet med å posisjonere og styrke universitetets omdømme
Vedkomande skal og bistå universitetsleiinga og organisasjonen i strategiske og kommunikasjonsfaglege spørsmål.
Det var totalt 21 kandidatar som søkte på stillinga, heile sju av dei er hemmelege kandidatar, som ikkje vil stå fram med namn eller stilling i søknadsprosessen.
Blant kandidatane finn ein Straume, som har stillinga i dag.
Heile søkarlista kan du sjå her: