Dei vart kåra til årets byrå i 2022 – dette skal Trigger verta betre på i 2023
2022 har vore eit jubelår for Trigger og dei har tatt grep for at neste år skal verta eit knallår for byrået. Men byråleiar Bente Kvam Kristoffersen åtvarar mot å vera naiv.
– Eg er førebudd på det meste. Eg trur du må vera det no, eg trur ikkje at du som leiar kan sitja og ikkje vera førebudd. Det er å ikkje vera på vakt, det går ikkje. Eg har sagt internt at 2023 vert eit tøffare år. Det vert harde konkurransar og det vert hardare konkurransar om pitchane og det kan vera kampen om dei offentlege kronene vert hardare.
Det seier Bente Kvam Kristoffersen til KOM24.
2022 har vore året der Trigger har herja på prisutdelingane og vart kåra til årets byrå i Norden på ekstremt prestisjetunge Sabre Awards og dei vart kåra til årets byrå i Europa på European Excellence Awards rett før jol.
Men det har vore ein lang veg å komma dit for byrået.
Tapte millionar
Særleg åra frå 2017 til 2020 var tunge med eit samla negativt årsresultat på heile 4,5 millionar kroner.
Men 2020 var likevel eit lyspunkt for byrået og i 2021 leverte dei knalltal igjen med 4,1 millionar kroner i pluss.
– Me såg at måtte dreia oss litt tilbake til der me kom frå, men og forbetra der me var. Så såg me og at det gav oss gode tal, som er bra, for det gjev oss meir fridom til å kunne investera i folk, som er den største investeringa me gjer, og den faglege utviklinga folk må ha for å verta betre.
Det å jobba djupare med innsikt var eit av grepa. Eit anna grep dei gjorde var å gå tilbake til å levera PR-tenester, noko dei hadde tona ned nokre år tidlegare.
– Me såg at PR-biten var veldig bra utgangspunkt for oss då me jobba med kreative uttak i kommunikasjonen, seier ho
Kvam Kristoffersen peikar på at om dei klarar å treffa noko folk er interessert i når dei jobbar med det kreative produktet sitt, vert det veldig gode resultat og større sannsyn for at ideane deira flyg.
– Men kvifor gjekk de vekk frå PR i utgangspunktet?
– Det var ei dreiing for me ville vel prøva litt andre ting, ein vert vel freista til å prøva noko nytt når ein har gjort mykje anna, seier ho.
Har prøvd å tenkja nytt
– PR var grunnmuren vår då Trigger vart etablert og etter kvart som byrået utvikla seg prøvde ein andre ting. Etter å ha prøvd ulike grep såg me at dei jobbane me verkeleg lukkast med hadde PR i fundamentet sitt, seier ho.
I tillegg merka dei at det var det kundane etterlyste og ønskte seg. Samstundes har det vore fleire andre byrå som har byrja å tappa inn på det Trigger driv med.
– Då er det viktig at me dreg det vidare så me ikkje berre fortset i det samme hjulet. Det er der me har prøvd å tenkja nytt, korleis me brukar kanalane, korleis me får engasjert forbrukaren, korleis me klarar å bruka influensarar for eksempel. Relasjonane våre til media, når me lanserer ein kampanje og korleis me bygger det opp, heile historieløpet for å få ting til å fly og skapa resultat for kundane. For det er ikkje vits å gjera dette her om me ikkje når måla, seier ho.
Eit døme på at det dei hadde byrja med gav suksess var då dei vann gull i ANFO Effekt for deira jobb for Bulder Bank.
– Det er viktig for oss å visa at me får til noko som skapar ekte resultat der ute, som er store verdiar for kunden, seier ho, men peikar samstundes på at det viktigaste er ikkje å vinna prisar men det daglege arbeidet for kundane.
2021 vart eit bra år og 2022 vart eit enno betre år på prisutdelingsfronten.
– Det er nesten som ein slags eksamen desse konkurransane for å visa at du har nådd måla du har sett og at du er på riktig veg. Så er det jo litt morosamt at me her no. Eg tenkjer at det er veldig, veldig bra det me har fått til til no, men me kjenner at me ikkje er ferdig og har mykje meir å gå på. Og eg er veldig glad for at me kjenner på det.
– Du som leiar vert utfordra no, korleis skal du klara å dra detta vidare?
– Det har me jobba med i haust, me har jobba med strategien vår, det er det vanskelegaste du gjer, seier ho.
Henta inn ekstern hjelp
Kvam Kristoffersen seier det er interessant for dei, som jobbar så mykje med strategi for kundane sine, kor vanskeleg det er å jobba med eigen strategi.
Dei såg seg nøydde til å henta inn ekstern hjelp for å utfordra seg sjølv.
– Eg trur det er lurt å få eit eksternt blikk. Me har no presentert den til alle internt i Trigger og alle har fått lov å meina noko om strategien. Me har ulike faggrupper og ut frå strategien har me kartlagd kor me skal og kor det er gap, seier ho.
Dei tilsette er delt inn i fem ulike faggrupper og no har dei ulike faggruppene definert sine gap og på fyrste Trigger-fredagen etter nyttår skal dei presentera korleis dei skal tetta gapa.
– Det vert spanande å sjå, seier ho.
– Kva tre ting skal Trigger verta betre på i 2023?
– Me skal verta enno betre på innsikt, det kjem spanande ny tilsetjing i januar som skal gjera oss enno betre på det. Så skal me jobba meir innanfor berekraft og samfunn. Der har me sterk posisjon, men me trur me skal gjera det sterkare og tydlegare, det ligg eit potensial der. Og så skal me bli enno betre på å bruka teknologien som er tilgjengeleg der ute, for å finna innsikt men og å distribuera jobbane. Strategileveransane våre skal verta betre. Me er gode på dei, men ikkje så kjente for strategileveranse. Og så er me gode på innsikt, men me skal skru den biten endå eit hakk til, seier ho.
Etter eit hektisk år er det på tide å roa ned når dei raude dagane i desember kjem. Jola skal feirast heime i Årdal.
– Då skal eg gå i fjellet, eta pinnekjøt og vera med familien, trena og slappa av.
– Klarar du det?
– Det går litt tid å roa seg ned, ein er alltid på jobb, men på ein god måte.