Marion Solheim vil lokka folk til bygde-Noreg. Målet hennar med nettstaden er å gjera researchfasen enklare for dei som vil ha ein kvardag på landet. Eller ein ferie der du ikkje står i kø saman med andre turistar.
Marion Solheim vil lokka folk til bygde-Noreg. Målet hennar med nettstaden er å gjera researchfasen enklare for dei som vil ha ein kvardag på landet. Eller ein ferie der du ikkje står i kø saman med andre turistar.

Kom-rådgjevar startar Tinder for norske bygder

Kombinerer jobben sin i det offentlege med å lokka folk til å busetja seg på bygda.

Publisert Sist oppdatert

– Mykje har vore prøvd – og det har gått mange pengar inn i ulike tilflyttingsprosjekt og messer i utlandet. Me trur at ved å tenka nasjonalt i staden for lokalt vil det vera enklare å visa fram dei flotte bygdene i Noreg. Det å samla Bygde-Noreg i eitt digitalt rike gjev meining for oss, med tanke på brukarane. 

Det seier Marion Solheim til KOM24.

Digital jungel

Den tidlegare NRK-journalisten jobbar til dagleg som seniorrådgjevar kommunikasjon ved Det medisinske fakultet på Universitetet i Bergen.

Men no har ho lansert ei løysing som ho sjølv kallar for Tinder for norske bygder.

Konseptet heiter Freysta og er den første søkbare bygdeportalen i Noreg. 

Her kan ein legge inn kva landsdel, natur, fritidsaktivitetar, private og offentlege tenester ein vil ha og få opp bygder som kan passe. 

– Målgruppa er folk her til lands og resten av Europa som vil til norske bygder, anten dei vil flytta eller berre besøka, som vil ha informasjon lett tilgjengeleg, seier Solheim.

Ho peikar på at konseptet digital matchmaking er velkjent og velbrukt.

– Det er berre å sjå til Finn.no og Tinder. Det er mykje god informasjon om norske bygder på nett, men det er også ein digital jungel og ikkje alltid så lett å finna fram. Me tenkte at det kunne fungere med same tankegangen for norske bygder, og det har vist seg å slå til, seier ho.

Konseptet vart lansert i mai og allereie har om lag 20 personar frå rundt om i Europa kontakta dei for å finne draumebygda.

– Gått raskare enn venta

– Det har gått raskare enn venta, meiner ho.

Blant dei som har kontakta dei er ein spanjol som ikkje orkar varmen der nede og vil flytta til Noreg på grunn av klimaet. 

Per i dag er 44 bygder representert på nettstaden samt nokre kommunar og fleire er i kjømda. 

Kommunane som er med må betala for å verta synleggjorde. Samstundes har Freysta fått 250 000 kroner i støtte frå Lemkuhl-fondet for å få på plass dei tekniske løysingane.

Ambisjonane hennar er å kunne vere eit godt bindeledd mellom folk som vil til bygda og distriktskommunar som vil ha folk. 

– Det hadde vore kjekt

– Fråflyttingsutfordringane let seg ikkje løyse berre med oss, men vi håpar å kunne vera eit bidrag i rett retning og gjera det enklare for dei som vil til bygda å finna den beste plassen. For dei finst der ute, dei som er lei av storbyen og asfaltjungelen. Klart det hadde vore kjekt å berga ein grendaskule eller fleire frå nedlegging! 

Med seg på prosjektet har ho partnaren Tom Rysjedal og byrået Limelight media.

– Er det eit mål å slutta på UiB for å jobba med Freysta på fulltid?

– Eg diggar UiB-jobben min, men på sikt kan det vere eit alternativ. Ein bytter jo gjerne jobb i ny og ne, seier ho.

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS