Vurderer nasjonal reklamekampanje for å få fleire innbyggarar
Vil bruka millionbeløp for å passera ei magisk grense.
Ein times tid nord for Bergen finn ein den vesle kommunen Austrheim.
For dei fleste er den ikkje særleg kjent, men kommunen, som er det vestlegste fastlandspunktet i Norge, rommar mellom anna det gigantiske industriområdet Austrheim.
No drøymer dei om å verta fleire innbyggarar.
I dag har dei 2906 innbyggarar, ein vekst på skarve 73 innbyggarar på ti år.
No har dei landa på at den beste måten å sikra seg vekst på er å setja i verk ein nasjonal reklamekampanje.
Det skriv avisa Nordhordland.
– Vi er nok ikkje gode nok på å reklamere for oss sjølv i kommunal sektor. Vi ser at andre kommunar som har gjennomført slike prosjekt har sett gode resultat, forklarar kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug til Nordhordland.
Kommunen har allereia vore i kontakt med firmaet Relocate, som spesialiserer seg på å marknadsføra kommunar.
Dei har gjeve eit uforpliktande tilbod på 1,5 millionar kroner, fordelt på tre år. Kommunen meinar at det vil kosta meir å tilsetja naudsynt kompetanse i kommunen.
Kommunen treng to til tre nye familiar årleg for at prosjektet skal lønna seg.
– Vi ønsker at folk skal flytte og bu her. Kommunedirektøren sin visjon er Austrheim 3000. No har vi 2906 innbyggarar og er på god veg, men det er viktig å vere offensive for å trekke til seg nye innbyggarar, seier Fjellhaug til avisa.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no