
– Ikkje start et byrå, start ei merkevare!
Kom med klare råd til deg som vil starta byrå.
(Cannes): I 2018 starta Anselmo Ramos og Gaston Bigio sitt eige byrå heime i Miami.
Utan investorar klarte dei å voksa i rekordfart og i 2023 vart dei kåra til Årets uavhengige byrå på Cannes Lions.
Men korleis klara det?
Oppskrifta er svært enkel, meiner dei to.
Skulle vera modige
– Me visste kva me stod for frå dag ein, seier Ramos frå scena i Cannes.
Eit par tusen kreative menneske har samla seg i ein sal for å få vite kva suksessoppskrifta er.
– På det fyrste møtet me hadde var me einige om at me skulle vera eit modig byrå, for modige klientar.
Det kravet om å vera modig fekk og konsekvensar for dei.
Dei sa nei til 27 klientar det fyrste året, for dei følte dei ikkje ville vera modige nok.
– De veit det må ha kundar for å tena pengar, sa vår CFO til oss, seier Ramos, til stor latter frå salen.
For det var heller ikkje aktuelt å få med seg eksterne investorar, så dei måtte pantsetja husa sine og til familien.
Deretter oppretta dei eit holdingselskap i Storbritannia, utan å ha ein einaste klient der.
– Det tok meg to månader å overtala han, seier Ramos og peikar på kompanjongen sin.
Deretter måtte dei ha ein logo. Då tilsette dei to stykk for å gjera det.
– Det tok meg og to månader å overtala han, seier han og peikar ein gong til på sin kollega.
– Det kosta og mykje pengar, svarar Bigio.
Trur på å dela
For å få til veksten har dei og fått på plass 20 partnarar og dei er svært opptatt av å skryta av sine tilsette.
– For me trur på å dela verdiane me har skapt, seier Bigio.
Begge to er heilt einige om at det er det å vera modige som vil ta dei framover. Men dei er og klare på at dei er svært ulike.
Ramos er drøymaren som har dei store visjonane og ambisjonane.
Allereie dagen etter dei hadde sitt fyrste møte kjøpte han opp 32 webadresser som omhandlar byrånamnet og ein internasjonal storby, som @gutmadrid. I dag er åtte av dei ein realitet.
På same tid er Bigio den intense av dei.
– Han er den mest intense personen eg har møtt. Han er så intens at sjølv på Zoom-samtalar er han intens. Men det som er bra med det, er at det får ting til å skje. Utan det ville me ikkje ha vore her, seier Ramos.
Dei innrømmer at når begge to for høge på seg sjølv kranglar dei mykje.
– Men når me ikkje drøymer og er intense, skjer det ingenting. Når eg drøymer høgt, må han roa ned intensiteten sin og er han på sitt mest intense må eg drøyma mindre, seier han om korleis dei klarar å få til utvikling.
Men det viktigaste rådet dei hadde å komma med var uansett at du som merkevare må ha ditt eige ord som skildrar deg, på same måte som surfing får folk til å tenka på Hawaii, Paris er romantikk og Jordan er air.
Men kvifor er det viktig?
Ditt kamprop
– Der er ditt kamprop, merkevareetos, din veg inn i folks sinn og styreromma. Ein dag ser folk ditt ord og byrjar å tenka på di merkevare, seier Ramos.
– Alle superheltar har ei superkraft, det er det som vil ta deg gjennom livet og opp og fram i industrien, legg Bigio til.
Dei meiner du må ta det ordet og skapa ditt univers med det.
– Alle designval, alle fotoshootar, alt du gjer må bera preg av det. Av og til er ordet rett føre deg, du må berre omfamna det for å få eit løft for å ta ditt ord til neste nivå.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no