Silje Ulveseth
Silje Ulveseth

Silje Ulveseth forlet byråverda – går til Bergen Næringsråd

Er den tredje rådgjevaren som forlet kontoret i Bergen på kort tid.

Publisert

– Eg har lenge hatt eit godt auge til Bergen Næringsråd og har stor respekt for arbeidet dei gjer for næringslivet.

Det seier Silje Ulveseth til KOM24.

Etter 3 1/2 år i Apriil PR har ho no meldt overgang til Bergen Næringsråd kor ho skal jobba som næringspolitisk rådgjevar med ansvar for strategisk rådgjeving og handel og service.

Næringsrådet har 16 ekspertgrupper som representerer heile spekteret av næringslivet og akademia.

– Deira innspel og kunnskap er avgjerande for at næringsrådet alltid er aktuell og relevant, seier ho.

Ho seier at det i denne jobben er viktig å vera på, tilgjengeleg for medlemmane, følgje med i media og delta i samfunnsdebatten.

Ulveseth har elleve års erfaring som journalist i ei rekkje redaksjonar og har etter det vore kommunikasjonsansvarleg i Vest Næringsråd i 3 1/2 år og like lenge har ho vore kommunikasjonsrådgjevar i Apriil PR.

Ho oppsummerer tida si i Apriil PR som ei lærerik og meiningsfull tid ho aldri ville ha vore forutan.

– Her blir du oppfordra til å skriva debattinnlegg og kronikkar, og bryte ut av komfortsona. Apriil er eit kreativt kompetansehus innan kommunikasjon der alt er mogeleg. Eg tar med meg fine minner, mykje kunnskap og gode relasjonar.

Ho dreg mellom anna fram samarbeidet ho har hatt med Trond Albert Skjelbred.

– Saman har vi hatt oppdrag innan krisehandtering, kommunikasjonsstrategiar, retorikk- og presentasjonssamlingar, medieoppslag og sosiale medium, seier ho.

Powered by Labrador CMS