Arent Kragh gjev seg no som rådgjevar i Apriil PR og går over til Vestland fylkeskommune

Etter 15 år som PR-rådgjevar går Arent no over til det offentlege

– Om eg ville gjera nok anna i yrkeslivet enn å bli verande som konsulent i Apriil PR så var det no det måtte skje.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Dette var ei unik sjanse til å ta del i ei av det største og mest omfattande endringane som skal skje i næringslivet og samfunnet på Vestlandet i mi tid. Eg skal få arbeida langsiktig med den mest avgjerande omstillinga vi berre må lykkast med, seier Arent Kragh til KOM24.

Etter 15 år som PR-rådgjevar i det som no heiter Apriil PR gjev han seg no i det private og går over til Vestland fylkeskommune. Der skal han jobba som kommunikasjonsrådgjevar i ein nyoppretta prosjektorganisasjon som Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg har oppretta saman, Grøn Region Vestlandet.

Folk skal få vita

Denne skal bidra til at næringslivet i fylket vert vinnaren i arbeidet med å sikra norsk og europeisk innovasjonsfinansiering for omstilling til ei klimavennleg framtid.

– Saman med medspelarar i fylkeskommunen og Innovasjon Noreg skal eg syta for at alle interessentar i prosjektet, så som eigarar, deltakarane og vestlendingar flest, får vita dei det treng om kva ressursar som er tilgjengelege, kva framdrift det er i prosjektet og kva vi får til, seier han.

Kragh har til no vore senior kommunikasjonsrådgjevar i Apriil PR og jobba med politisk kommunikasjon, myndigheitskontakt og kommunikasjonsstrategiar. Han har totalt åtte års erfaring som politisk rådgjevar i Høgre. Fire av desse åra har han jobba for byrådsleiar Monica Mæland i Bergen.

Men no er det altså det offentlege han skal jobba for, når sommarferien er over.

Nyleg slutta og Jannicke Josefsson-Ruud i April PR Oslo, men Kragh avviser at det er nokon spesiell grunn til at han gjev seg i Apriil no, etter 15 år.

– Dette var ein unik sjanse, og om eg ville gjera nok anna i yrkeslivet enn å bli verande som konsulent i Apriil PR så var det no det måtte skje, seier han.

Han kallar tida si i byrået for eineståande og seier han har lært mykje i tida si som PR-rådgjevar.

Tid er pengar

– Eg har arbeidd med både små og store kundar, med dei overordna kommunikasjonsstrategiske spørsmåla så vel som dei konkrete, praktiske og operative oppgåvene. Etter 15 år i ei verksemd der det einaste du i grunnen har å selje er tida di, så får du også eit svært medvite forhold til korleis du brukar tida di. «Tid er pengar» – er ei sanning som står veldig klart for meg etter 15 år i konsulentbransjen, seier han.

Han peikar på at i tida han har jobba som kommunikasjonsrådgjevar har ein opplevd ein stor digital og sosial medierevolusjon, som det frå dag til dag kanskje ikkje er så lett å sjå eller forstå omfanget av. Men som har endra det meste.

– «Deadline» er ikkje lenger eit relevant omgrep. I tillegg kommuniserer moderne verksemder i dag også i fleire kanalar på SoMe kor dei har kontrollen sjølve, noko medfører både nye moglegheiter men også nye feller ein kan gå i. Den sosiale delen av «sosiale medium» er også ei viktig endring. Det er ikkje lenger snakk om å dytte ut eit bodskap i ulike kanalar, men vel så mykje å invitere folk inn, peikar han på.

– Ta kontroll over historia

Ein konsekvens av dette er at han no trur at kommunikasjonsbransjen har ein større og viktigare rolle i framtida enn den har hatt til no.

– Med fleire kanalar, med fleire utfordringar og med kundar og ein opinion som stiller stadig strengare krav til både openheit, berekraft og etisk framferd blir det endå viktigare at verksemder tar kontroll over historia om seg sjølve. Sjølv med alle dei endringane som har skjedd og skjer, er den grunnleggande utfordringa mykje den same som før, å formidle den gode historia.

Powered by Labrador CMS