– Eg er ikkje den første som skriv om fenomenet å legge seg flat. Nokre filosoferer rundt kva det faktisk betyr, andre om det faktisk er mogeleg. Men eg vil berre ha det vekk. Langt vekk, og det aller beste er om vi kan legge det dødt. Gravlegge det. Utan seremoni.

Kommentar:

Kan vi legge død å legge seg flat?

«Eg vil starte med å be om orsaking for at eg tar opp dette temaet igjen. Eg er verkeleg lei meg, og ber om å bli trudd på det.»

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Er det slik at du vil legge deg flat?

–Nei, det vil eg ikkje.

– Kvifor ikkje?

– Det verken kan eller vil eg. Men eg ber om orsaking, og håpar folk kan godta det.

Utan vidare sermoni

Eg er ikkje den første som skriv om fenomenet å legge seg flat. Nokre filosoferer rundt kva det faktisk betyr, andre om det faktisk er mogeleg. Men eg vil berre ha det vekk. Langt vekk, og det aller beste er om vi kan legge det dødt. Gravlegge det. Utan seremoni.

Som journalist brukte eg det mykje, og som kommunikasjonssjef har eg gjeve råd om å bruke det. Det er lenge sidan no, men jo, eg angrar. For kva er det eigentleg godt for? Alle forstår metaforen, og ved å bruke dette omgrepet så trur ein kanskje at vi har sagt unnskyld på den mest effektive og overtydande måten som finst. Sånn er det sjeldan. Det er alltid nokon som uansett meiner at vedkomande som sa det ikkje meinte det, eller at vedkomande som la seg flat eigentleg burde lagt seg flat tidlegare, eller at vedkomande heller burde lagt seg meir flat. Noko bort i mot langflat, må jo det bli. Vi har til dømes sett ein del stortingspolitikarar gjere denne øvinga i det siste, og dei skal nok gjere den fleire gonger før dei får tilgjeving for å ha lagt seg flate på eit soverom dei tydelegvis ikkje har budd i.

Arne Eithun vil gjera noko med nokre av språkets flosklar.

Må folk tvingast til å legga seg flat?

Det at nokon skal legge seg flat, dønn ned på bakken – for det er det bilete som dukkar opp i mitt hovud – er berre eigna for at andre skal kunne stå over dei. Sjå ned på dei, tråkke på dei og kanskje til og med spytte på dei. Og sjeldan står synda dei har gjort i proporsjon til å bli lagt ned på magen, eller ryggen, eller kva veg dei no måtte ligge når dei legg seg flat. Men ned skal dei, i skamma sitt gras eller gjørme. I anstendigheitenes namn, kor tid vart det å seie unnskyld feil? Det gode gamle unnskyld. Eller orsak, som vi seier i nynorskland. I ordboka definert som at nokon beklagar, er lei seg og ber om forlating.

Må vi på død og liv tvinge folk til å legge seg flate? Må journalistar mane fram dette i jakta på klikk og tabloide overskrifter, og må vi rådgjevarar ty til det lettaste og dårlegaste rådet i verktøykassa når vi skal hjelpe nokon som har gjort ein feil? Legg deg flat, så går det fort over liksom, er tydelegvis tankesettet. I røynda er det det motsette som er i ferd med å skje. Eg sit med eit inntrykk av at uttrykket i dag er mest eigna til harselas – og ingenting drep ei velmeint orsaking fortare enn at det ikkje blir tatt på alvor.

Trur ikkje på dei

Både journalistar, og vi som har kommunikasjon og historieforteljing som fag, er opptekne av språk. Eit rikt, levande, nytenkande og kreativt språk. Eit språk som forsterkar innhaldet, ikkje fordummar det. Når vi brukar ord og uttrykk som agn for å få klikk, gjer vi det stikk motsette av det vi eigentleg ynskjer å oppnå. Då undergrev vi språket, og i verste fall viskar vi vekk heile tydinga av vesentlege og substansielle ord – som i dette eksempelet handlar om å seie unnskyld. Eit vanskeleg ord i utgangspunktet for mange å ta i sin munn, men så kraftfullt når det først blir brukt at det fortener meirbruk. Ein som legg seg flat trur eg mindre på enn ein som seier «unnskyld, eg er verkeleg lei meg». Sånn er det i alle fall blitt i mitt hovud.

Så får de heller ha meg unnskyldt at eg vil legge død den andre varianten.

Powered by Labrador CMS