Her får Eirik Sørensen og Caroline Riis i TRY Reklame årets Gull-løve i Cannes i 2022. No skal Riis sjølv vera med og stemma fram dei beste kampanjane frå heile verda.

Caroline Riis har fått plass i hovudjuryen i Cannes Lions

Skal vera med og kåra dei beste kampanjane i print & publishing frå det siste året. 

Publisert

Onsdag kom oversikten som viser kven som skal sitja i juryen i Cannes Lions og det einaste norske innslaget er Caroline Riis frå TRY Reklame.

Det er kanskje få som er meir naturleg å ha med i juryen, med tanke på at ho har vunne gull i akkurat den klassen, to år på rad, med kampanjar for IKEA.

Nyleg var ho og med og sikra Grand prix på Gullblyanten for TRY.

Med seg i juryen har ho representantar for DDB, Columbia, Publicis Dublin, Leo Burnet Brasil og Ogilvy sør for Sahara, for å nemna nokre. 

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS