Line Lauvsnes Oddekalv gjev seg no som kommunikasjonssjef ved Høgskulen i Volda og skal prøva seg i ein heilt ny bransje.

Line Lauvsnes Oddekalv gjev seg på Høgskulen i Volda

– Eg gler meg til å reindyrke kommunikasjonsoppgåver.

Publisert

– Eg hadde det veldig fint der eg var, men dette måtte eg berre kaste meg på. Såkalla sjeldan moglegheit!

Det seier Line Lauvsnes Oddekalv til KOM24.

Ho har no hatt sin siste dag på Høgskulen i Volda for å byrja som kommunikasjonsansvarleg i Sparebank1 SMN.

– Då stillingsutlysinga dukka opp vart eg veldig gira. Alle kulepunkta i annonsa var noko eg har erfaring frå og diggar å halde på med, seier ho.

Oddekalv seier ho har vore kunde i Sparebank1 i Volda sidan ho fekk sin første konto og har hatt dei med seg på stort og smått gjennom livet.

– Så dette er nærast berre ei formalisering av forholdet, seier ho og ler.

– Eg gler meg til å reindyrke kommunikasjonsoppgåver og jobbe med dyktige folk både i eigen region og i konsernet. Og så er det sjølvsagt spanande med ny bransje! Elsker å lære, og gler meg til mykje av det framover, seier ho.

Oddekalv har ein lang karriere i mediebransjen bak seg. Ho har jobba mange år som sportsjournalist, mellom anna med praksis i NRK Radiosporten og TV 2-sporten i Bergen, FireFireTo, MTV Mastiff, Kanal24 og Adresseavisen.

Etter ein lang karriere som journalist gjekk ho over til den andre sida som kommunikasjonssjef i Elkjøp Nordic og no gjort comeback ved Høgskulen i Volda siste knappe fem åra.

– Det har vore utruleg kjekke år, der eg fekk lov til å bygge opp ei kommunikasjonsavdeling, etablere byråsamarbeid og innføre ein haug med rutiner, nye møtepunkt og omprioriteringar, seier ho.

Ho fortel at det har vore kjekt, krevjande og lærerikt og at ho har hatt nydelege folk rundt seg som ho kjem til å sakne.

– Det sagt, så heier eg på meir omstillingsvilje og utvikling i akademia, kanskje primært frå dei som skal sette rammer og mål for sektoren. Dei kan også berre ringe!

Ho byrjar i sin nye jobb så snart pinsen er over. Heilt nøyaktig kva ho skal gjera i sin nye jobb veit ho ikkje enno.

– Eg håper å bidra til at vi kan vere synlege med gode råd om viktige tema og å gjere økonomistoff kjekt, enkelt og forståeleg. Syne fram dei mange gode samarbeida vi har. Jobbe for at regionen vår viser att (med til dømes med nynorsk!) i konsernsamanheng. Så journalistar og andre: Treng de nokon som forklarar rente eller kjem med gode spareråd, er det berre å ringe!

Powered by Labrador CMS