Denne videoen frå politiet har nådd 10,2 millionar brukarar over heile verda
Før stakk folk av då politiet kom på patrulje, no kjem dei unge bort for å preika med politiet. Suksessen forklarar dei med TikTok.
Denne artikkelen er over to år gammel.
634 000 følgarar på TikTok og over 100 millionar visningar.
Det er dei reine tala for Vest politidistrikt etter tre år på TikTok, noko som gjer dei til ein av dei største kontoane i Noreg.
– Ein ting er følgjartal, ein annan ting er tovegskommunikasjon. På chat gjev me råd og rettleiing og tek i mot tips. Sidan starten har me hatt over 10 000 meldingstrådar. Og no har me ein eigen kryptert chat.
Det fortel fagleiar for Politiets nettpatrulje Vest, Rune Fimreite på Kommunikasjonsforeningens Høstseminar, tysdag.
Heller politiet enn mamma og pappa
Saman med kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Vikestrand var han i Oslo for å fortelja hundrevis av kommunikatorar frå heile landet om korleis dei har lukkast med TikTok og korleis dei klarte å nå ei heilt ny målgruppe.
For i oktober 2019, siste månad før dei fekk TikTok hadde dei berre fire meldingar frå aldersgruppa 10–19 år. Halvanna år seinare, i mail 2021, fekk dei til samanlikning over 200 meldingar frå same aldersgruppa.
@politivest Snart helg! 👀👮🏼♀️ #police #politiet ♬ original sound - Love pingu🐧
– Ved råd og rettleiing ser me at me får hjelpt mange. Me ser og at nokon av dei unge tek heller kontakt ned politiet via chat enn å snakka med foreldra sine, seier Fimreite.
Han peikar på at om ein politibetjent skulle reist rundt og snakka om råda til same målgruppa hadde dei brukt fleire årsverk.
– No får me nådd ut til veldig mange på kort tid. Me har ein følgarskare som me kan nå ut til med ein bodskap om me har noko å seia til dei, fortel Vikestrand.
Dei viste til to konkrete døme. Ved eit høve var det ein valdsvideo frå distriktet deira som viste ein mindreårig som fekk juling som var spreidd over alt på nettet. Då laga Vest politidistrikt ein video med bodskap om å ikkje dela videoen. Den nådde fleire hundre tusen og fekk 1500 delingar.
Eit anna døme er med russen.
Snudde det negative
I Bergen er det eit til tider betent forhold mellom russ og politi, då russen føler at politiet gjer ting vanskeleg for dei ved å stenga av dei fleste områda som russen vil samla seg på for å festa i russetida.
Samstundes arrangerer politiet årleg ein rebus for russen og på ein av postane stod nettpatruljen. Der var køen så lang at dei måtte til slutt seia at nok er det stopp.
Det vart likevel produsert nokre TikToks saman med russen.
@politivest Svarer @Pedith Og på motorvei med 90, 100 eller 110 er grensen 41 km/t over👮🏻♂️ #politi #police #lærpåtiktok ♬ original sound - Nettpatruljen Vest
– Me fekk masse gode tilbakemeldingar. snudde heile rekka med negative førespurnader dei få til noko positivt, seier Fimreite.
Det er seks stykk som jobbar i politiets nettpatrulje i Vest politidistrikt. Over heile landet er dei no tolv nettpatruljar.
Fimreite og Vikestrand seier at det viktigaste dei gjer, og som ligg bak suksessen, er at dei tilpassar seg plattforma og er med på trendar, dei puttar viktige bodskap i TikTok-formatet, dei svarar på spørsmål frå følgarane og dei viser seg fram og tørr å visa at dei er folk.
Og når dei torer å vera menneskelege kan dei nå langt.
Ein TikTok basert på den kjende songen Sound of da police har til no 10,2 millionar avspelingar. Og som Fimreite seier, så mange TikTok-kontoar er det ikkje i Vest politidistrikts område.
Kjem i kontakt med publikum
– Den videoen har flest avspelingar i Irak, men og mange i Saudi-Arabia og Egypt, seier han.
Dei meiner slike videoar gjer det lettare for dei å komma i kontakt med publikum.
– Dei vil ta deg seriøst når du strekk ut ei hand og treng hjelp og terskelen er låg for å ta kontakt. Og det treng ikkje vera store ting, seier Vikestrand.
Politiet har og oppdaga ein annan effekt.
– Før nettpatruljen oppstod sprang folk vekk då me kom på patrulje, no vil folk bort og preika, seier Fimreite.
Og då meiner dei at dei har oppnådd mykje av det dei vil med kontoen.
– Politiet må vera til stades der barn og unge er.