Svein Inge Leirgulen, kommunikasjonsdirektør i Tekna og styreleiar i Kommunikasjonsforeningen

– Me kan idioterklæra alle som vil diskreditera oss, men då er det vår jobb å visa verdien av kva me får til

Styreleiaren i Kommunikasjonsforeningen med gode tips om korleis kommunikatorar kan gjera seg sjølv meir synlege.

Publisert

– Me lagar masse bra i bransjen, men om ein ikkje klarar å visa verdien av det er me like langt.

Det seier Svein Inge Leirgulen, kommunikasjonsdirektør i Tekna og styreleiar i Kommunikasjonsforeningen.

Torsdag var han på Forskningskommunikasjonsdagane for å snakka om kommunikasjon eigentleg har noko verdi.

– Eg visste det var feil

Han brukte eigen erfaringar i foredraget sitt.

Han fortalde om då han fekk sin fyrste store kommunikasjonsjobb i DNV i 2007.

Jobben gjekk ut på å skulle skapa merksemd om ein ny divisjon.

– Min jobb var å springe rundt i verda og hjelpa til. Eg var i Australia, Dubai, Houston og Brussel og eg fekk til utruleg masse. Det var eit år med masse reising og bra kommunikasjon og eg tenkte at dette går dritbra, seier han.

Men så vart han kalla inn til sin skotske sjef som sa at han hadde fått litt klagar på Leirgulens jobb. I Dubai følte dei at dei ikkje fekk nok hjelp og det same sa dei i Houston. Det kom og inn klagar om at konkurrentane fekk mykje meir merksemd.

– Eg visste det var feil og bad om eit møte med leiinga for å visa planane mine og ein konkurrentanalyse. Eg viste at det som vart sagt var feil. Sidan då haldt dei kjeft, for eg viste dei planane mine, seier han.

Og det er nett det det handlar om, meiner Leirgulen.

Barcelona-prinsippa 3.0

* Du må setja fode mål for planlegging og måling av kommunikasjon

* Du må kunne sjå på både kanaleffekt samt effekten på målgruppa og virksomheit

* Du må måla effekten på samfunnet, målgrupper og virksomheiter

* Du må jobba med kvalitative og kvantitative analysar

* Annnseverdi er ikkje det same som verdi av kommunikasjon

* Bruk analoge og digitale kanalar

* Du må kunne gjera feil og læra av feila

Han seier at kommunikasjonsfolk må visa sin verdi. Særleg i ei tid der det er mange politikarar, mellom anna, som snakkar ned kommunikasjonsfolk.

– Dei meiner det de driv på med er kakepynt, det er det lov å bli irritert over, seier han til ein samla respons frå salen.

Men kva er då problemet?

Systematikk

– Eg blir av og til redd når toppolitikar skal filtrera oss og snakke oss ned, dei diskrediterer forsking og kommunikasjonsfolk. Me kan idioterklæra alle som vil diskreditera oss, men til sist handlar det om at det er vår jobb å visa verdien av kva me får til, seier han og legg til;

Dette bør du som kommunikatør gjera

* Forstå strategien og mål-hierakitet.

* Finn dine virksomheitsmål

* Planlegg og forankra. Du må forankra dine planar hjå toppleiinga.

* Lær å setja deg smarte komunikasjonsmål

* Mål i kanalane og og resultata

* Rapporter til leiinga korleis du leverer

* Lær opp organisasjonen om kva god kommunikasjon er

– Då må me gå systematisk til verks.

Han viste då til internasjonalt arbeid som er gjort der dei har laga prinsipp for å visa prinsippa for god kommunikasjon og korleis du målar den, kalla Barcelona-prinsippa 3.0.

– Men kvifor kommuniserer me? Du gjer det ikkje for du har lyst på pressemeldingar eller video, men du har eit problem du må løysa. Då kan ein skapa endring hjå målgruppa. Men ein må tydeleggjera kva me skal oppnå før me byrjar med verkemiddel, seier han.

Men spørsmålet er meir korleis ein kan visa verdien sin.

Leirgulen seier at alle er flinke til å måla medieklippp og SoMe-trafikk.

– Det me ikkje målar er det me skal måla; Har me endra verdi hos målgruppa, forstår målgruppa bodskapen, har det skapt kunnskaps-, haldnings- eller atferdsendring, spør han.

– Me skal skapa endring og det er den endringa du må visa, seier han.

Hans avsluttande råd til forskningskommunikatørane er at dei må starta i det små med mindre prosjekt.

– Skjøn målgruppa

For som han seier, det kan verka overveldande å jobba etter Barcelona-prinsippa, men at det ikkje er det.

– Det handlar meir om tankesett og metodikk. Det verkar vanskeleg men det tek tre timar å læra, seier han.

Han oppmodar vidare til å snakka med andre kommunikasjonsfolk, så må ein laga ein målbasert kommunikasjonsstrategi. Deretter må ein grunngje taktikken og involvera resten av organisasjonen.

– Det høyrest openbert ut, men det er ikkje det, seier han.

Han seier at det og er viktig å setja seg mål før oppstart, at ein må gjera innsiktsarbeid før ein gjer noko som helst.

– Skjøn målgruppa og kor du skal før du set i gang, seier han og ber kommunikasjonsfolk om å måla det som betyr noko.

– Mange kommunikasjonsfolk bør byrja å tenka sånn, meir systematisk. Det gjev betre rammer å jobba kreativt under. For kommunikasjon har verdi, det er ikkje kakepynt. Men ansvaret er ditt for å visa det. Det er din jobb i din verksemd i å visa verdien av det du leverer, sluttar han.

Powered by Labrador CMS