Politiet må fjerna TikTok frå tenestetelefonane – Dette skjer med Nettpatruljane
Fram til i dag har politiet brukt sine eigne tenestetelefonar når dei har laga TikTok-ar. No tek dei interne grep.
– No må me ha fleire telefonar.
Det seier Rune Fimreite, leiar for politiets nettpatrulje Vest, til KOM24.
Fram til heilt nyleg har dei brukt tenestetelefonane sine til å laga TikTok-videoar til nettpatruljens TikTok-konto.
Men etter dei siste dagars endringar i det offentlege må dei skaffa seg eigne sosiale medier-telefonar for å unngå at tilgang til politiets system og TikTok er på samme telefon.
– Forholdsvis udramatisk
For i førre veka kom beskjeden frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) som seier at appar som TikTok og Telegram ikkje bør verta installert på einingar som har tilgang til verksemdas interne digitale infrastruktur eller tenester, fordi dette medfører høy risiko.
Justis- og beredskapsdepartementet var raske og sa at dei rår ifrå TikTok og Telegram på tenestetelefonar i departementa.
Etter som dagane har gått har den eine offentlege aktøren etter den andre gått ut og sagt at deira tilsette ikkje får ha TikTok på sine telefonar.
Denne veka kom mellom anna politiet i Sør-Vest politidistrikt med si anbefaling der dei seier at
Samstundes har politiet bygd seg opp stor synlegheit i sosiale medier og Vest politidistrikt har vorte virale med sin nettpatrulje som i skrivande stund har over 823 000 følgarar på TikTok.
Må dei då legga ned si teneste?
Nei, seier Fimreite.
– Me har det på eigne telefonar og har business as usual, seier han og kallar det heile for forholdsvis udramatisk.
Han seier at etter NSMs nye vurderingar kom så har dei skaffa eigne dedikerte telefonar som dei må bruke til dette.
– Det ser me på som ei grei løysing, seier han.
– Ei glimrande plattform
Fimreite peikar på at deira drivkraft er at dei ynskjer å vera til stades på dei digitale plattformene som innbyggarane er og han peikar på at primærmålgruppa deira er barn, unge eller unge vaksne og der er det TikTok som er den mest populære plattforma.
– Me ser at det er ei glimrande plattform å nå dei, seier han og seier at det er førebyggande bodskap og råd dei legg ut på TikTok, seier han og peikar på problemstillingar som grooming og dick pics.
– Og så har me og morosame innslag som senkar terskelen for å ta kontakt med oss og me kjem med bodskap som me vil at ungdommen skal få, seier han.
Han peikar og på at dei unge brukar TikTok som nyheitskanal og at det då er hensiktsmessig for politiet å vera til stades der.
– Men er det uproblematisk for politiet å vera til stades på TikTok?
– Me veit at Facebook, Instagram og Snapchat hentar diverse informasjon frå telefonane og med dei føringane me har i dag, meiner me det er eit helt greitt grunnlag for å jobba som tidlegare, seier han.
– Få hemmelege møter
Men han stadfestar at dei i framtida kjem til å skilja ut fleire av sine sosiale medier-appar til dei nye telefonane.
– Er de uroa for at de alt har delt for masse informasjon?
– Me har ein open og uniformert tilstadværing og det er få hemmelege møter me har vore på. Så for vår del er me ganske sikker på at det er uproblematisk, seier han.
Nettpatruljen ska no laga ein eigen video der dei omtalar endringane dei har gjort.