Innfører TiKTok-stopp
Elleve kommunar på Vestlandet tek grep.
– Vi tar vurderinga til Nasjonal Sikkerheitsmyndigheit på alvor.
Det seier Jo Bjarte Tømmerbakke, styreleiar i IKT Nordhordland-samarbeidet og rådmann i Modalen til avisa Nordhordland.
No har dei innført full TikTok-stopp på telefonar, nettbrett og PC-ar i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Modalen, Gulen, Masfjorden, Osterøy, Vaksdal, Aurland, Austevoll og Samnanger.
Det same gjeld Telegram.
Tømmerbakke seier til avisa at alle kommunane i samarbeidet gjort ei vurdering og blitt einige om å be tilsette fjerne applikasjonane.