Mykje manipulerande design i marknadsføring
Ein aksjon i regi av International Consumer Protection and Enforcement Network (ICPEN) undersøkte appane og nettsidene til 642 næringsdrivande. Over 75 prosent inneheldt manipulerande design.
Det skriv Forbrukartilsynet på sine nettsider.
Frå 29. januar til 2. februar 2024 deltok Forbrukartilsynet i ein internasjonal tilsynsaksjon i regi av ICPEN, saman med 26 andre forbrukarstyresmakter.
Aksjonen var koordinert med Global Privacy Enforcement Network (GPEN).
Til saman undersøkte styresmaktene nettsidene og appane til 642 bedrifter.
Nettsidene og appane blei evaluert med utgangspunkt i seks kjenneteikn på kommersielt manipulerande design, henta frå Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD).
Det blei funne såkalla manipulerande design, «dark patterns» i 75,5 prosent av appane og nettsidene.
68 prosent inneheldt to eller fleire tilfelle av slike metodar.
Manipulerande design er digital utforming som skal påverke forbrukarane til å gjere val dei vanlegvis ikkje ville ha gjort.
Ofte er det snakk om utforming som manipulerer forbrukarane til å kjøpe varer eller tenester eller gå med på avtalar eller vilkår dei elles ikkje ville godtatt.
I aksjonen blei det mellom anna funne mange tilfelle av brukargrensesnitt som gjer det vanskeleg for brukarane å skru av automatisk fornying av abonnementstenester, og grensesnitt som gjer at abonnement som er gunstige for den næringsdrivande framstår tydelegare.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no