Hyllar at dei får vera kreative og strekka strikken
Henta heim to kubar på SRFs store prisutdeling.
(Ørnen, Bergen):– Det er jo ikkje alle jobbane du får ofra alt og strekka strikken heilt ut på. Men du ser jo det at det er dei jobbane ein har orka litt ekstra på, ein har vore oppe på kveldar og netter og jobba utover det som er forventa og naudsynt kanskje, det gjev resultat.
Det seier Jon Hjørnevik til KOM24.
For mange er han kjend som diktar og komikar, men han har og ein dagjobb som han hentar inntekter frå og det er som senior tekstforfattar i Apriil.
På fredag var han på Salgs- og reklameforeningen i Bergens årlege prisutdeling Kuben og han henta heim to kubar ein for ein jobb for Bergens Tidende som juryen seier at har fått fram personlegdommen til produktet og kunden og ein jobb for Akvariet i Bergen der juryen seier at dei sjarmerer med ein uttrykksfull strek som illustrerer ei verd full av liv og fantasi.
– BT hadde me jobba så lenge med kunden at me trengde den ekstra jobben der me fekk lov å gå all inn og dyrka kreativiteten meir enn me har gjort på andre ting, seier han.
Han seier at i kvardagen er det ofte slik at det er jobbar ein berre jobbar seg gjennom der det er kampanjar og tekstarbeid som er stødige leveransar som berre skal selja og verka og det skal ikkje nødvendigvis vera lika kreativt heller, noko skal berre vera fram og tydeleg.
Men det er her dei to vinnarjobbane skil seg ut, meiner han.
– Det er ein kombinasjon av innsikt og utføring på kreativitet ein ser, seier han.
– Men det er for kundane, i dette tilfellet BT og Akvariet gjev deg lov til å gjera det, for dei vil ha kreativitet, seier han.
Difor seier han og at det er kjempeinspirerande å få vera med og sikra seg to kubar. Det utgjer ein tredjedel av kubane til Apriil-konsernet.
Men det var ingen planar om ei stor feiring for Hjørnevik.
–No skal eg kosa meg med kollegaer, men så skal eg heim for eg skal på fotballturnering med junior, så festen vinn nok ikkje eg, seier han.