Maverix-topp: – Alle kriser kan snuast til noko positivt med rett mindset
– Me sit ikkje og ventar på oppdrag, seier Maverix-gründer Jan Ove Årsæther. No håpar han dei kan nærma seg 100 millionar i omsetjing i 2024.
(Bergen): – For den som tenkjer rett er det ei like stor moglegheit som det er ei krise.
Det seier Maverix-gründer Jan Over Årsæther til KOM24.
Han snakkar med lokalavisa for kommunikasjons- og reklamebransjen om dei tøffe tidene mange opplever i desse dagar.
– Pent lønsamme
Årsæther har bakgrunnen sin frå mediebransjen og har 17 år bak seg i TV 2, som reporter, vaktsjef og nyheits- og sportsredaktør.
I 2018 etablerte han Maverix saman med ei rekkje andre og sidan har dei opplevd ein rekordvekst.
I 2023 seier han dei landa på ei omsetjing på like under 80 millionar kroner. Det betyr at dei har hatt ein vekst på femti prosent på eitt år.
Årsæther fortel om eit år prega av ein veldig sterk inngang på året, der dei hadde ei høg omsetjing heile fyrste halvåret og mange leveransar av store prosjekt.
Men i mai og juni byrja dei å sjå konturane av ein tøffare haust.
– Då sette me oss saman, som me har gjort så mange gonger før, og spurte oss sjølv om kva me kan gjera om det vert ein litt tøffare haust, seier han.
Resultatet av det var at dei la ein ny strategi, som han seier har vore vellukka.
– Me har fått inn ein tre-fire nye kundar som gjorde at me kom ut med ei omsetjing på i underkant av 80 millionar kroner, fortel han.
Tala for i fjor er ikkje ferdig reviderte, men dei ser for seg at dei endar opp med eit bra overskot for det året også.
– Me kjem til å vera pent lønsame i 2023, utan at talet er klart enno. Men minst like lønsame som me har vore, seier han og seier dei er kjempenøgde med året som har vore.
Sidan oppstarten har byrået eit samla årsresultat på 13,2 millionar kroner og eigarane har tatt 11,3 millionar kroner i utbytte.
– Sit ikkje og ventar på oppdrag
Han dreg fram deira kultur for new biz, som ein av årsakene til at dei gjer det bra.
– Me sit ikkje og ventar på oppdrag. Me snakkar heile tida om kundar som kan ha behov for vår kompetanse og vår rigg, seier han og seier at dei veit kvar dei vil og at det er område dei ser det er potensial for vekst.
Innan B2C har dei enkelte kundar som har slite meir enn andre, så klassisk B2C har vore tøffare, men B2B har gått som før.
– Men det som veks mest hjå oss er der me hjelper dei som har ei digital salsplattform med å optimalisere den, seier han.
Årsæther er overtydd om at det er der det vil vera mest vekst dei neste ti åra.
Nysignerte rammeavtalar og auka rammeavtalar med eksisterande kundar gjev Maverix ein base i botnen som gjer Årsæther trygg på at 2024 og vert eit bra år for dei.
– Om eg skulle setja ein hundrelapp på noko, vil eg tippa på ei omsetjing på mellom 90 og 100 millionar kroner, seier han.
Jan Ove Årsæther seier han reknar med fyrste halvår vert krevjande makroøkonomisk for dei fleste, men at han trur på ei lysning etter kvart.
– Eg trur at fullservicebyrå som oss som har så brei kompetanse og også investerer tungt i teknologi og sal og vil kunne veksa i krevjande tider, seier han.
Brukar pandemierfaring
Maverix har i dag 62 tilsette. Berre i 2023 auka dei med ti tilsette og dei reknar med vekst i år og, mellom anna på tech og utvikling. Sju av dei tilsette jobbar frå Bergen og Årsæther reknar med vidare vekst i Bergen, då dei har nyleg landa tre nye kundar der. I tillegg har byrået ein tilsett i USA og ein i Stavanger. Resten jobbar frå kontoret i Oslo.
Blant dei største kundane dei har er Visit Norway, Rikstoto, Innovasjon Norge, TV 2 og Andfjord salmon.
No skal dei bruka erfaringane frå pandemien i 2020 til å sørga for at det vert god butikk i 2024 og.
– Det fyrste me gjorde, laurdagen etter Norge stengde ned, så hadde me eit partnermøte med éin ting på agendaen; kva moglegheiter gjev dette, kva kundar er ikkje råka?, seier han.
I 2020 sette dei i gang ein kampanje som heiter #holdnorgeigang. Det byrja med Godtlevert og Adams Matkasse og etter kvart heiv både laksebransjen og bilbransjen seg på og det førte til at Maverix hadde meir enn nok med å levera det året.
Årsæther seier at sånn kan du tenkja i ei krise.
– Ein ser enkelte deler av næringslivet slit, men kven er det som ikkje er råka og kven er det me kan levera tenester til som har meir behov enn nokon gong. Sånn tenkjer eg, alle kriser kan snuast til noko positivt med rett mindset, sluttar han.
Kampanje har og omtala Maverix sine tal for 2023.