Forbrukartilsynet om falsk KI-reklame: – Me har ikkje håndtert slike saker før
Men seier problemstillinga vert meir og meir aktuell.
Måndag denne veka skreiv KOM24 ei sak om Ole Magnus Kinapel, kreativ produsent i NewsLab, som reagerte på Sparebank1 Austlandet sin reklamekampanje som viser ein mann som ikkje eksisterer, då han er laga av kunstig intelligens.
Kinapel meiner dette er snakk om villeiande reklame.
KOM24 har vore i kontakt med Forbrukartilsynet, som seier dette er fyrste gong dei er borte i slik type reklame i Noreg.
– Me har per no ikkje hatt saker til handsaming der dette har vore ei problemstilling, men den auka bruken av KI gjer at problemstillinga vert meir og meir aktuell, skriv Nina Elise Dietzel, som er underdirektør i Tilsynsavdelinga i Forbrukartilsynet.
Ho skriv vidare at marknadsføringslova har elles ingen regler som spesifikt angjev at bilde laga ved hjelp av KI må merkast.
– Lova har derimot eit forbod mot villeiande marknadsføring, og avhengig av omstenda så kan bruken av slike bilde vera problematisk etter lova, peikar ho på.
Når det gjeld kravet om å merka retusjerte personar i reklamen («retusjert person – reklame»), så har det dukka opp spørsmål til Forbrukartilsynet om personar i bilde eller videoar laga med KI er omfatta av merkekravet.
– Dette forholdet er ikkje direkte omtalt i forarbeida til den nye føresegna, så dette er eit spørsmål me held på å greia ut internt, skriv ho.
KOM24 var i kontakt med Siv Stenseth, konserndirektør kommunikasjon, på måndag om reklamekampanjen, som banken stoppa.
Då skreiv ho i ein e-post til KOM24 at det ikkje var truverdig og transparent marknadsføring.
– Innhald eller bilde som kan oppfartas som at det er ein kunde, skal i samsvar med våre prinsipp vera ein ekte kunde. At så ikkje var tilfelle i denne saka er beklageleg.