TRY hjelper begge sidene i lærarstreiken
Denne artikkelen er over to år gammel.
Klassekampen avslører på måndag at TRY-huset hjelper begge sidene av lærarstreiken.
Dagleg leiar i TRY Opt, Gunnar Stensaker, stadfestar overfor avisa at både Utdanningsforbundet og KS er kundar på kjøp av kanaltilpassa annonsar og den tekniske gjennomføringa av annonseplasseringa.
– Me har brukt Try til å utarbeida annonsane, og til å handtera distribusjon av annonsane. Men det er ikkje Try som står for tekstane aleine, seier Rikke Bjurstrøm, kommunikasjonssjef i Utdanningsforbundet, til Klassekampen.
I TRY er dei heilt sikre på at det går bra å ha to partar som står steilt mot kvarandre i ei konflikt, som kundar.
«Fagteam i mediebyrået Try Opt opererer uavhengig av hverandre og er alltid satt opp for å kunne behandle eventuell fortrolig informasjon på en tillitsfull måte», skriv Stensaker i TRT Opt til avisa.