Oppe til høgre ser ein biletet som ein tek på ein kennel av hundar som skal adopterat. Så gjer teknolgien, som Rune Myklebust har utvikla, jobben og gjer at det får full studiokvalitet. No er det kåra til ein av verdas aller beste reklamar.
Oppe til høgre ser ein biletet som ein tek på ein kennel av hundar som skal adopterast. Så gjer teknolgien, som Vegard Myklebust har utvikla, jobben og gjer at det får full studiokvalitet og ser ekte ut. No er kampanjen kåra til ein av verdas aller beste reklamar.

Kåra til ein av verdas aller beste reklamar: Norske Vegard står bak

– I utgangspunktet var det ein umogleg ide.

Publisert Sist oppdatert

(Cannes): – Det var eg som fann opp teknologien til denne kampanjen.

Det seier Vegard Myklebust, som jobbar som teknisk regissør hjå Nexus i London.

Mannen frå Stord har budd og arbeida i utlandet dei siste 20 åra. Dei siste sju åra har han jobba for Nexus Studios i London og er teknisk sjef for mange av produkta.

Denne veka er det Cannes Lions der dei beste kreative jobbane frå heile verda konkurrerer om å vinna. 

Rune Myklebust reiste frå Stord til det store utlandet for 20 år sidan og har aldr sett seg tilbake. No jobbar han for Nexus Studios og måndag denne veka vann ein reklame han var involvert i prisen som ein av verdas beste då den stakk av med Grand Prix i Cannes Lions.
Vegard Myklebust reiste frå Stord til det store utlandet for 20 år sidan og har aldr sett seg tilbake. No jobbar han for Nexus Studios og måndag denne veka vann ein reklame han var involvert i prisen som ein av verdas beste då den stakk av med Grand Prix i Cannes Lions.

– Ein umogleg ide

Det vart sendt inn nesten 27 000 bidrag til årets konkurranse og berre dei aller færraste går heile vegen til topps.

Men det gjorde altså Myklebust sin jobb for Pedigree.

Den stakk av med Grand Prix i klassen Outdoor. Det er den nest største klassen i Cannes Lions med 2052 innsende bidrag i år, og det var altså Myklebust som står bak teknologien. 

Han innrømmer at det var ein vanskeleg jobb.

– I utgangspunktet ein umogleg ide, så då måtte me tenka hardt på det, seier Myklebust, til KOM24.

Det var reklamebyrået Colenso BBDO som kom til dei med ideen, at dei ville at alle reklamane som dei lagar for Pedigree skulle ha med ein hund som kunne adopterast lokalt. Det var hovudprinsippet.

Utgangspunktet for det heile er at Pedigree innsåg at alle bedrifter har eit «purpose», deira «purpose» er at alle hundar skal ha ein heim. 

Men samstundes brukte dei berre 25 prosent av sin mediespend på dette feltet. Dette ville dei gjera noko med og lanserte Adoptable. 

Slik skapar dei bileta av hundane som skal adopterast vekk (Foto: Nexus Studios)

Der brukte dei maskinlæring og brukte vanlege bilete av hundar som skulle omplasserast og endra det til bilete av studiokvalitet. 

Dei bileta skulle så brukast på alle annonsar. Der var det og ein QR-kode kor ein kan læra meir om hunden, og vert den adoptert vert den automatisk droppa frå vidare kampanjar og erstatta med ein annan hund som treng ein ny heim. 

Myklebust legg ikkje skjul på at det var eit svært krevjande oppdrag dei fekk.

– I utgangspunktet umogleg, det visste dei. Så dei takka oss for at me ikkje berre slo det frå oss med ein gong. For dei visste kor rart det høyrdest ut å laga noko som skulle fungera over heile verda og med lokale kennelar og der ein laga reklamekvalitets-plakatar basert på amatørfotografi, seier han.

Slik løyste dei problema

Myklebust seier at dei i Nexus Studios har fingeren på pulsen når det kjem til KI, men seier at dette var litt spesiell bruk av KI.

Men deira vurdering var at dei er eit animasjonsselskap med ei interaktiv avdeling og dei visste kva KI var god til og ikkje fullt så god til.

– KI er ikkje spesielt bra til å laga kontrollerte bilde, berre det å kunne kontrollera og definera det som du vil er eit problem som ikkje er løyst enno. Og i dette tilfellet var det viktig at hundane skulle sjå ekta ut, seier han.

Altså at hunden du såg på reklamen skulle vera akkurat som den hunden du kom til å finna når du skulle adoptera den. 

Dette løyste dei ved å bruka ein 3D-hund dei har utvikla.

Deretter trente dei ein KI til nøyaktig skapa korleis den aktuelle hunden ser ut. 

– Når me kombinerer 3D-delen og KI-delen får me eit bilde som har portrettlikskap til den ekte hunden, men bilda ser ut som dei ville ha det i kampanjen, seier han.

Dei køyrde ein testkampanje på New Zealand som vart ein stor suksess før dei lanserte den globalt. 

Deretter handla det om å få teknologien til å jobba raskt nok, for ein hadde berre nokre veker på seg frå dei fekk bilde på hundar dei ikkje hadde sett før til dei skulle publiserast. 

Og no er kampanjen kåra til ein av verdas beste kampanjar det siste året.

Marvel og Gorillaz

– Det er ganske spesielt. Eg pleier ikkje å bry meg så masse om prisar, men når du fyrst skal vinna trur eg dette er ein bra pris å vinna, seier han beskjedent.

Han seier dette er den fjerde Grand Prix byrået vinn i Cannes, men at det er ti år sidan sist.

– Så det var på tide, seier han og ler.

Sjølv var han heime i London då dei vann Grand Prix, men to kollegaer av han har vore i Cannes og fekk med seg prisutdelinga. 

Byrået har omtrent 200 tilsette og jobbar med både kultur- og teknologipartnarar.

Myklebust har sjølv jobba med fleire stjerner på deira prosjekt.

Mellom anna var han med då Gorillaz lanserte songen på Skinny Ape, som er på det nyaste albumet deira. Der vart det laga ei AR-verd med hjelp av Google sin teknologi. 

Myklebust var og med då Marvel studios lanserte sitt AR-univers i forbindelse med filmen Eternals, også då Det kvite huset lanserte app var han involvert. 

– Er det snakk om bilde som beveger seg, so har me det, seier han.

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS