Linn Merete Rognø Edvardsen har jobba som frilansjournalist i mange år, men no gjekk ikkje den kabalen opp lenger. Då klarte ho å snakka seg inn som kommunikasjonsrådgjevar i eit selskap som ikkje har hatt eit særleg fokus på kommunikasjon lenger .

Slik «maste» Linn seg til jobb i kommunikasjonsbransjen

Er plutseleg fast tilsett i entreprenørfirma som aldri hadde satsa på kommunikasjon. No er ambisjonane skyhøge. 

Publisert

– Det viktigaste for oss er å få dei beste folka. og for å få dei beste folka, så må i utgangspunktet alle ha ønske om å jobba for Romarheim. For å få det til er det viktig kva omdømme Romarheim har. Og for å bygga det omdømmet er det viktig å ha kontroll på kva som vert kommunisert om Romarheim.

– Det er tankerekkja som leda til at me må sørga for dette. For det er verste er at om ingen kjenner til Romarheim så er det ingen som søker. 

– Veit me ikkje er gode på kommunikasjon

Det seier Kåre Romarheim, konsernleiar i Romarheim AS, som held til i Alver kommune, rett nord for Bergen.

Konsernet har over 120 tilsette og i tillegg ei verksemd som inkluderer entrepenøravdeling, salg av forskaling, samt utleie av tårnkraner. 

Med ei omsetjing på ein halv milliard kroner, har Romarheim innsett at dei må satsa på internkommunikasjon.

– Me veit me ikkje er særleg gode på kommunikasjon. Me veks og det er viktig for oss at dei folka som jobbar her har visst kva alle gjer på. Så for å skapa identitetsfølelse, at alle opplever å bli sett og påskjønna for jobben dei gjer, er det viktig at me klarar å kommunisera på ein god måte at me er takknemlege for den innsatsen dei gjer og fortel internt og eksternt kva me driv på med, seier Romarheim.

Han seier det er viktig at dei passar på at ein går i samla flokk. 

Konsernet byrja før jol i 2023 å diskutera at dei burde jobba med omdømmet sitt eksternt og hadde eigentleg byrja å snakka om å leiga inn ein journalist nokre dagar i veka for å hjelpa dei med det arbeidet.

Men så ut av ingenting kom Linn Merete Rognø Edvardsen.

Ho har jobba som journalist dei siste 20 åra, mest som frilansar for både riks- og lokalmedia. Ho har og vore innhaldsprodusent i Apriil i eit års tid. 

No hadde ho ein kabal på heimebane som ikkje var i samsvar med å jobba som frilansjournalist med mann og barn og ho hadde byrja å sjå seg om etter noko anna å gjera på, men ho ville framleis bruka det som er hennar fag, historieforteljing. 

– Pressa meg inn

– Då tenkte eg på Romarheim, som held til fire minutt frå der eg bur. Eg tenkte det hadde vore spanande å koma seg inn der, seier ho.

Utfordringa hennar var at dei hadde ikkje noko ledig jobb som kommunikasjonsrådgjevar.

– Eg pressa meg inn, seier ho og ler.

– Nei, det var vel eg som byrja å skravla om dette. For meg verka det som ein attraktiv arbeidsplass og når det ikkje er ein kommunikasjonsansvarleg her må du høyra om kvifor og sjekka kva moglegheiter ein har for å satsa på det, seier ho. 

Kåre Romarheim, Linn Merete Rognø Edvardsen og Bente Lorentzen.

Så ho tok kontakt med konsernet i vinter og dei vart einige om at ho skulle levera tenester i ein periode til dei og dei skulle finna ut om dette var noko dei ville gå vidare med.

– Det var kjapt oppe i styret igjen at dette er noko me vil satsa på og at me ville tilby ho ein avtale, seier Bente Lorentzen, som er leiar for konsernadministrasjonen.

Edvardsen hadde sin fyrste dag som fast tilsett i byrjinga av juni og ambisjonane er høge.

Ho snakkar om å tilpassa seg yngre folk, særleg med tanke på noverande og komande lærlingar, og vil ha ein meir levande Instagram-konto. Dei snakkar om å etablera ein bedriftskonto på TikTok som også lærlingane kan bidra med å oppdatere frå arbeidsdagane sine.

Det Edvardsen arbeider mest med akkurat no, er ny heimeside, som etter planen skal lanserast i byrjinga av juli.

– Heimesida skal nå ut både eksternt og internt; vise folket kven Romarheim er, og i tillegg skape meir samhald i laget vårt.

Kåre Romarheim seier at det handlar om at dei vil kommunisera på ein god måte i dei relevante kanalane for å nå dei relevante menneska.

– Heilt annan kvalitet

Han peikar på at dei skaper historier heile vegen og at dei gjer så mange ting som dei sjølv ikkje ser. 

– Klarar me å fortelja dei historiene ut til interessentgruppa vår vert det bra, seier Romarheim.

Dei vil byrja med eit fokus på internkommunikasjon for å sikra seg at dei tilsette får med seg det som er av viktig informasjon og tek grep for å få dette til. Tanken deira er at ved å vera god på internkommunikasjon, så vil dei og verta betre på eksternkommunikasjon. 

Tidlegare har dei gjerne kommunisert mykje på e-post til dei tilsette. 

 – Det er litt kjedeleg. Men det å få inn ein fagperson som faktisk kan det å laga historier og skriva gode tekstar og veta kva som er gode bilde og kan filma, i staden for at eg skulle gjort det, så vert det ein heilt annan kvalitet, seier Lorentzen.

Romarheim legg til at leiaroppgåva deira er å få alle til å gå i samla retning for å oppnå felles mål.

– Ein kommunikasjonsstrategi, som er målet å arbeida fram, er å verta medvitne på korleis me skal kommunisera for å nå måla me har sett oss. 

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS