– Me skal ikkje driva med dommedags-kommunikasjon
No har dei byrja å medietrena klimaforskarane ved Bjerknessenteret, så dei kan stå støtt i stormen.
(BERGEN):– Det er eit depresivt tema, men me vil vekk frå dommedagsforteljinga.
Det seier Gudrun Urd Sylte, seniorrådgjevar ved Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR).
BCCR er det største naturvitenskapelige klimasenteret i Norden og blant de fremste i Europa. Bjerknessenteret er et samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Norce AS, Havforskingsinstituttet og Nansensenteret for miljø og fjernmåling.
Det er lite som opptek nordmenn meir enn vêr og vind. Og klima-diskusjonar kan setja ein stoppar for dei kjekkaste samlingar når temaet vert tatt opp og dei steile frontane kjem fram.
Kombiner dette med fleire historier frå Forskningskommunikasjonsdagane der det kom fram at det fort kan verta dårleg stemning mellom forskarar som meiner at kollegaene stikk seg for mykje fram i media eller den nylege Twitter-krangelen på jus-Twitter.
Korleis er det då å jobba med kommunikasjon for ein organisasjon med 300 forskarar og så mykje kjensler involvert?
– Eg synst ikkje det er så veldig komplisert. Det me jobbar mykje med er opp mot skular, lagar faktaark og forklarar prosessar. Det er naturvitskapleg formidling. Me jobbar og mot forskarane våre, då gjev me dei tips til korleis dei kan bygga opp foredraget sitt og dei testar ut ting på oss. Det synest eg verkar godt, seier Sylte.
Ho har jobba i over ti år på Bjerknessenteret og meiner det ikkje har vore dei store stormane dei har stått i, men innrømmer at det har vore ei kontinuerleg bølga der du har ein arbeidssituasjon der du har masse skeptikarar som vil angripa forskinga for ein eigentleg vil ta politikken.
Ei undersøking NRK nyleg gjennomførte viser at heile ein av tre forskarar har fått ubehagelege tilbakemeldingar etter å ha uttalt seg om klimaforsking, mellom dei direktøren på Bjerknessenteret, Kikki Flesche Kleiven.
Likevel har dei ikkje hatt medietrening for sine forskarar før i det siste. For sidan senteret har fire eigarar har ein prioritert at den typen trening går føre seg ute i organisasjonane. Men no har Bjerknessenteret byrja å ta tak i det sjølv.
– Me har sett at det er ei bevisstgjering på at det er behov for korleis ein snakkar med media. Og me ønsker å hjelpa fleire å nå ut, då har me ynskt å tilby ei medietrenignstilbud hjå oss, seier ho.
Ein av dei tinga dei jobbar med er presseetikk, der dei prøver å læra akademikarane at sjølv om ein journalist er kritisk til dei, er journalisten ikkje nødvendigvis negativ.
Ein annan ting dei jobbar med er å ta ned nerdenivået så dei ulike forskarmiljøa kan snakka betre saman.
Dei har mellom anna årlege samlingar der dei har øvingar som går ut på at forskarane går gjennom sitt foredrag og så går ein gjennom foredraga for å forenkla språket.
Det seier Sylte er viktig for internkommunikasjonen og er viktig for å bygga ein god internkultur.
– Men de har forskarar, som for mange, driv med kontroversielle tema. Kor viktig er det då å ha dette på plass?
– Det er veldig viktig. det er noko som har vore snakk om lenge, men tidlegare har det ikkje vore direkte personleg hets i så stor grad, det har vore meir krangling med klimaskeptikarar. Og ikkje sånt som kvinnelege forskarar og vår nye direktør opplever, på den personlege biten.
– Så de merkar at det er vorte eit tøffare klima?
Nei, men meir det at kvinner får hardare og meir personlege angrep enn menn får. Det er sånt som me ser og her hjå oss. Tidlegare direktørar her har stått i mange stormar, men ikkje på same måten som Kikki, seier ho.
– Korleis er det då å jobba med kommunikasjon når det er så betente tema?
– Det går heilt fint. Det er eit stort og viktig spørsmål i samfunnsdebatten og ein føler ein jobbar med noko som er viktig. Men ein føler ein er i eit landskap med masse skeptikarar, så det er ganske vanskeleg for ein må heile tida tenkja på korleis kjem ting ut, kva seier ein og me har i mange år jobba med dette med at me skal ikkje driva med dommedagskommunikasjon, seier ho.
Samstundes er ho opptatt av at dei har kultur for formidling frå toppen på senteret, det gjer det lettare å etablera ein kultur for formidling.
– Eg har høyrd frå venner og kollegaer i bransjen at det er snevrare rom for det andre stader. Me er heldige for det er bygd ein kultur frå toppen av, seier ho.