Karen Anna Kleppe frå TV 2, Ragnhild Vikestrand frå Vest politidistrikt og Janne Håland frå Brann snakka om korleis dei jobbar for å nå nye målgrupper i sosiale medier.

Slik har TV 2 klart å få fleire millionar views frå TikTok kvar veke 

– Me er heilt nøydd til å vera der i ei verd der det er vanskeleg å sjå forskjell på fake og ekte nyheiter.

Publisert Sist oppdatert

(Bergen): – På det året Hub2 har eksistert har me nådd målgruppa på heilt nye måtar. Me sender kvar veke fleire hundre tusen inn frå Snap til tv2.no og me kan fint generera ein til tre millionar views på TikTok.

Det seier Karen Anna Kleppe.

Ho er redaksjonssjef i TV 2s nye satsing Hub2, der ein skal nå nye målgrupper.

Nye profilar

På torsdag var ho på Kommunikasjonsforeningen Vestlands fagdag og snakka om korleis dei har jobba med å nå ut til nye målgrupper.

Og ho meiner dei har treft bra. 

Ho fortalde at innan dette året er omme er dei den nest største norske nyheitskontoen på TikTok.

Det fører til at dei og utviklar nye profilar.

– Før var det gjerne Sturla Dyregrov og Arill Riise, no er det Morten Westgaard på 21 år som vert stoppa på gata og folk seier til han at «du er nyheitene mine», fortel ho.

På Hub2 held dei seg vekke frå Facebook.

– Facebook er me ikkje involvert i anna enn moderering. For det er ikkje vår målgruppa som er der, men foreldra og besteforeldra til dei me vil nå, seier ho.

Også på Instagram merkar dei at det er ei eldre målgruppe og at veksten har byrja å stagnera.

– Der er det kongefamilien som engasjerer og dessutan barn og barnehage. På TikTok er det heilt andre ting som wokekultur, trendar, krigar. Det er veldig stor forskjell på kanalane og me handlar deretter, fortel ho. 

Har eigne TikTok-telefonar

Det er på TikTok dei møter den yngste målgruppa si. Utfordringa deira er at TV 2-tilsette ikkje har lov å ha TikTok på sine telefonar. 

– Me er heilt nøydd til å vera der i ei verd der det er vanskeleg å sjå forskjell på fake og ekte nyheiter, seier ho.

Det betyr at avdelinga hennar har TikTok på sine TV 2-telefonar. Men dei har ikkje kontakt med myndigheitspersonar eller regimekritikarar, fortel ho.

Dei har og eigne TikTok-telefonar som dei sender med utanriksjournalistane sine, men det er telefonar som ikkje har vore innom TV 2-systemet i det heile.

Med seg på scena hadde ho og Ragnhild Vikestrand, som er kommunikasjonsrådgjevar i Vest politidistrikt og Janne Håland, sosiale medieransvarleg i Sportsklubben Brann. 

Håland fortalde om eit arbeid som har vart sidan 2017.

Då såg dei at klubben gjorde det ganske bra på banen, men dei nådde ikkje ut til publikum og folk kom ikkje på kamp. 

Året etter byrja dei å sjå på kven som var målgruppa og kven dei snakka til. 

Fyller Stadion til kvar kamp

Ho fortel om ein lang prosess med å definera si målgruppe. 

– Den er alle som er glade i Brann. Det er ei stor målgruppe, difor må me vera til stades så mange plassar som me er, seier ho.

Håland fortel at dei byrja å sjå resultat av kor dei var etter korona, då det byrja å komma mange unge på kamp

– No klarar me å fylla arenaen til kvar kamp, det trur eg har masse med å gjera med jobben i våre sosiale kanalar, seier ho.

I Brann så postar dei dei same innlegga i alle kanalane sine. Men det er likevel ei form for diversifisering der og, då dei brukar ulik delingstekst på kvar plass. 

På Facebook postar dei alle nyheitssakene sine, på Insta viser dei fram meir av kvardagen sin.

– På Twitter viser me meir det bergenske lynnet i Brann, der er me meir sarkastiske, for der treff me den typiske fotballsupporteren. På TikTok bygger me profil og kjennskap til merkevara. Der er me ikkje så opptatt av sal av billettar, seier ho.

Dei tre på scena vart og utfordra på dei ulike utfordringane med sosiale medium. Kleppa i TV 2 snakka om eit fall i trafikken frå Facebook grunna algoritme-endringar frå februar av. 

Vikestrand i politiet snakka om utfordringane med TikTok og om kor viktig det er for dei å vera til stades der og vera synlege for målgruppa.

Haustar erfaringar

– Me er heile tida beviste på at TikTok kan forsvinna i morgon, derfor må me hausta alle erfaringane som er der og som me kan ta med oss vidare, seier ho.

I politiet er det politifolk som er føre skjermen, hennar oppgåve er å vera i bakgrunnen og halda seg oppdatert. Det inneber mykje scrolling på kanalen for å ha oversikt over kva som trendar no. 

– Det er aldri statisk, det endrar seg veldig. Berre frå me starta med TikTok er det heilt annleis, seier ho.

Vikestrand peikar på at det skjer endringar i plattforma som dei ikkje har kontroll på og samstundes har du og ei målgruppa som ein ikkje har kontroll på. 

– Då starta var TikTok populært for dei på 13, no er dei ikkje 13 år gamle lenger, så då har det endra seg, peikar ho på.

 

Powered by Labrador CMS