Jon Marius Roald er ferdig i TRY etter tre år. – Det har vore skikkelig kjekt, men også vanskelig til tider.

Podkast-sjefen til TRY går til IT-bransjen 

– Eg har vurdert dette ei stund

Publisert

– Eg har hittil jobba heile mi karriere med å skrive om og for andre bedrifter og organisasjonar som gjer spennande ting. No var tida moden for å kome meg over på kundesida, og jobbe meir systematisk og langsiktig med éi merkevare.

Det seier Jon Marius Roald, til KOM24.

Etter tre år i TRY som podkast-sjef har han no gått til Vince, der han vert Brand and communications strategist. 

– Eg har vurdert dette ei stund, men det var først då eg kom i kontakt med Vince at eg verkeleg vart motivert til å ta steget, seier han.

I sin nye jobb skal han jobba med kommunikasjon, branding og innhald i Vince.

– Så dette er ei stor stilling med mykje fridom og mykje ansvar. Eg kjem til å få bruk for alt eg har lært gjennom heile karrieren mi i denne jobben, seier han.

Han seier at han ikkje er i tvil om at han har gjort eit godt val. 

– Dette er ein god stad å jobbe, der både fagleg utvikling, kultur og samhald blir satsa på. Jobben er éin del av likninga, men Vince som selskap var også ein seljande faktor for meg. Det er for det første ein ny bransje for meg: IT-bransjen. Og så er Vince i skikkeleg godt driv om dagen med mange spanande produkt på veg og kundar i hele verda. Eg har rett og slett klokkartru på heile prosjektet. Og så skal vi ikkje sjå bort frå at det kjem litt podkast herifrå, òg, seier han.

Roald er utdanna siviløkonom frå NHH med spesialisering i strategi og leiing. 

Etter det har han tre år med journalistikk og nesten seks år med innhaldsproduksjon og -rådgiving i sekken, dei tre siste som podkastansvarleg i Try Råd.

Han samanfattar åra i TRY som spennande, umåteleg lærerikt, men til tider også tøft. 

– Det bor vanvitig mykje kunnskap innanfor dørene i den gule Try-bygarden, så eg kjenner meg veldig heldig som har hatt tilgang på den. Samtidig har jo eg vore ein som nettopp skulle bygge opp eit eige fagmiljø – podkastsatsinga. Det har vore ein variert jobb der eg har fått vore mykje ute og profilert Try, både på konferansar, i podkastar og i bransjeavisene, seier han og viser til at han har fått vore kreativ, vore rådgivar, produsent, programleiar og bygd og drifta lydstudio. 

– Det har vore skikkeleg kjekt, men også vanskeleg til tider, for podkast er ein vanskeleg marknad å knekke. På den eine sida er premium lydinnhald ein fantastisk måte å nå kundar på, men på den andre sida er det dyrt og tidkrevjande, noko som kan gjere det vanskeleg å rekne heim verdien. 

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS