Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame onsdag 25. desember.
Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame onsdag 25. desember.

Få bryt forbodet mot tv- og radioreklame 1. juledag

Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame onsdag 25. desember.

Publisert

Forbodet mot å sende reklame 1. juledag gjeld berre for radio og tv. Formålet med regelen er at publikum ikkje skal bi utsett for kommersielle bodskapar gjennom media desse høgtidsdagane.

På tv og i radio er ikkje tillaten å sende reklameinnslag på følgjande dagar: Langfredag, 1. påskedag, 1. pinsedag og altså 1. juledag. 

– Kringkastarane overheld som regel reklameforbodet på ein god måte. I løpet av dei siste tjue åra har det berre vore nokre få tilfelle der Medietilsynet har oppdaga brot på denne regelen, fortel Hanne Sekkelsten, direktør for juridiske og regulatorisk avdeling i Medietilsynet, i ei pressemelding.

Dersom ein kringkastar bryt regelen, kan Medietilsynet gi sanksjonar i form av ei åtvaring, eit regelbrotsgebyr eller eit tidsavgrensa forbod mot å sende reklame. 

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS