For 18 år sidan stod ho utanfor arbeidslivet og lurte på kven som ville ha ho – no har den tidlegare byråden byrja som PR-rådgjevar
Éin mann forandra livet til Beate Husa.
(BERGEN): For 18 år sidan var Beate Husa ei travel småbarnsmor på Sotra utanfor Bergen og hadde eit barn på tre veker og eit på tre år.
Ein dag ho vart ho påkøyrd og fekk ein nakkeskade som førte til at ho, saman med morspermisjon, var ute av arbeidslivet i fem år.
Endra mentaliteten
Ho hadde mykje smerter og eit lågt sjølvbilete og tenkte på kven som ville ha ho tilsett når ho hadde den skaden.
Gjennom det som no heiter NAV vart ho sendt på arbeidstrening fleire plassar og ein gong vart ho sendt til noko som heitte Designtrykkeriet. Der møtte ho ein mann som endra alt for ho, nemleg dagleg leiar Rune Kvalheim.
– Han sa til meg at det er mange ute i arbeidslivet som er dårlegare enn deg, du er for ung til å legga inn årene og om ikkje du gjer noko no så vert du plutseleg for gammal for arbeidslivet. Det eg høyrde var at «det er bruk for deg, du har noko å fara med og det er arbeidsgjevarar som har bruk for deg.» Eg hadde lågt sjølvbilde og følte meg dårleg fysisk, men han endra mentaliteten min, seier Husa til KOM24.
Etter to månader jobba ho i ei 50-prosentstilling og etter kvart i fulltid.
Kort tid etter det byrja reisa som gjer at ho no er i spaltene i KOM24, for då byrja ho som lokalpolitikar i Sund kommune. Etter nokre år der flytta ho til Bergen og der vart ho etter valet i 2019 helsebyråd i Bergen.
Der fekk ho etter kort tid i byrådsstolen kasta ein verdsomspennande pandemi i fanget med alt det førte med seg. I august i år trakk Kristeleg folkeparti seg frå byrådet i Bergen og Husa måtte då på jobbjakt.
Etter kort tid fekk ho melding på LinkedIn frå Trond Albert Skjelbred som er partnar i Apriil PR og etter nokre kaffikoppar og møter var ho plutseleg PR-rådgjevar.
Denne veka har ho hatt sine fyrste arbeidsdagar i sin nye karriere.
– Eignar eg meg?
– Eg kunne tatt ein annan jobb, men det ville vore ting eg har vore borti før, det ville vore å bruka teknikkar eg alt hadde for å gjera det. No må eg utvikla eigne teknikkar, grava i meg sjølv for at man skal tora og korleis skal eg gjera denne førespurnaden. Eg må utfordra meg sjølv ganske kraftig, seier ho.
Husa legg ikkje skjul på at det er eit stort spenningsmoment i det å byrja ei heilt ny karriere.
– Dette er ei rolle eg ikkje har hatt før, så ein vert jo litt spørjande; Eignar eg meg som konsulent? Er dette noko eg kan få til. Ein skal jo ha kundar og fakturera timar og det er noko heilt nytt som eg aldri har vore med på før, så det ligg jo sjølvsagt eit stort spenningsmoment der. Men Skjelbred har tatt meg under venga for fleire veker sidan og me har hatt fleire møter og har kome med gode døme, gjeve meg bøkene sine og verkeleg førebudd meg på rolla, seier ho.
Og alt etter mindre enn to dagar i jobb i ny rolle hadde ho gjort arbeid som skulle fakturerast.
– Eg må berre læra meg faktureringssystemet fyrst, seier ho og ler.
Viktig samfunnsinnsats
Ho seier at det å jobba som PR-rådgjevar langt på veg handlar om å ha trua på seg sjølv og kva ein er verdt og at ho har ein kompetanse som nokon er villige til å bruka pengar på.
– Livet som byråd gjorde jo at, særleg for me kom inn i ein pandemi, eg hadde ikkje tid til å vera redd journalistar eller eit kamera som kom oppi ansiktet ditt. Det har gjeve meg mange læringspunkt som eg tenkjer å dela vidare, både innan krisehandtering og mediehandtering, seier ho.
Etter 15 år i politikken både i ein liten kommune, fylkesting og som byråd i landets nest største by er det mellom anna ein ting som har overraska ho;
– Det er overraskande få som tek kontakt og forstår det politiske påverknadsarbeidet, då tenkjer eg hovudsakleg på bedrifter. Ofte når dei fyrst tek kontakt så kjem dei for seint inn i prosessar, seier ho og meiner at det kan vera eit tap for både politikarar og bedrifter. Difor gler ho seg no til å bruka av si erfaring til å hjelpa viktige samfunnsaktørar med påverknadsarbeidet.
– Men din politikarkollega Trygve Slagsvold Vedum åtvarar mot sånne som deg?
– Eg meiner dette er ein viktig samfunnsinnsats
– Men meinte du det før du byrja her?
– Men det var verdt det
– Eg gjorde det, for politikken er blitt meir komplisert. Det er blitt vanskelegare å vera politikar og det er vanskelegare forstå korleis ein skal påverka politikarar. Og det er klart at i ein større by som Bergen er det enno meir innfløkt. Eg blir ofte overraska og litt motlaus over kor lite kunnskap det er om korleis ting fungerer. Ein må nesten ha vore innanfor for å forstå korleis ting fungerer og eg tenkjer at det er viktig at me opplyser kvarandre om det, seier ho.
Etter at ho no har vorte PR-rådgjevar har ho fått saksforbod av karanteneutvalet i Bergen kommune knytt til saker som har med helse og omsorg i byrådsavdelinga ho var byråd for. Det gjeld fram til utgangen av april 2023.
– Kva skal du oppnå som PR-rådgjevar?
– Eg vil læra alt. Eg ønsker å bli ein rådgjevar som vert vald, som får eit omdømme på at eg leverer og er truverdig. Eg vil at kunden skal seia at «ja, det kostar nokre pengar, men det var verdt det».