X

MEININGAR:

Det de ikkje kommuniserer betyr noko

«Det du ikkje kommuniserer betyr like mykje som det du kommuniserer», skriv redaktør Yngve Garen Svardal i denne kommentaren.

Publisert

Torsdag hadde KOM24 ei sak der me skriv om X som annonsørkanal.

Det er 1,2 millionar nordmenn som har ein konto på X, det er ein vekst på 50 000 det siste året. 10 prosent av oss brukar app-en dagleg og åtte prosent vekentleg, det viser tal frå IPSOS SoMe-tracker. 

Likevel er plattforma sett på som meir og meir kontroversiell etter at Elon Musk kjøpte den for 44 milliardar dollar for nokre år sidan. Han snakka om at det skulle vera ein plattform som var politisk nøytral, men no er det mange som opplever det som ein plattform der kontroversielle og til tider direkte usanne påstandar og utilslørt ekstremisme får florera ope. 

Ytringsfridom kallar nokon det, hatretorikk kallar andre det.

Men det er ikkje tvil om at det dei siste åra har vore eit klart stemningsskifte på plattforma og meir ekstremisme har fått plass. Musk sparka alle som dreiv med røkting av plattforma og pressa hata han såpass at sende du e-post til pressemailen deira fekk du ein avføringsemoji i retur. Det har han stoppa med no, KOM24 fekk ingenting retur då me kontakta dei denne veka. Heller ikkje svar på våre spørsmål.

Det me då lurte på var kvifor plattforma lét openberr nazistisk propaganda få kjøpa annonseplass, då ein tilsynelatande norsk konto har kjøpt plass for å spreia NS-propaganda på sjølvaste Den internasjonale holocaust-dagen. Dagen etter hadde den kontoen stoppa spreiinga, men ein kjend norsk høgreekstremist hadde tatt over den betalte annonseringa. 

I den samanheng tok KOM24 kontakt med ei rekke norske bedrifter og organisasjonar som er kjende for å bruka store summar på å annonsera i sosiale medium, nokre av dei og på X og spurte dei kva slike annonsar hadde å seia for deira bruk av plattforma som annonsekanal.

Det interessante her er ikkje kva dei sa, men kva dei IKKJE sa. 

La meg her og no berre få seia klart og tydeleg at me seier ikkje at dei som er tause her støttar bodskapet i den omtalte annonsen, me berre lurar veldig på kvifor ein ikkje i det heile vil ta i tematikken.

Europabevegelsen, Arbeidarpartiet og Den norske kyrkja var krystallklare på kva dei meinte om dette og sa det var heilt uaktuelt å bruka annonsepengar på denne kanalen.

Men aktørar som Elkjøp meinte spørsmåla ikkje er relevante for dei, då dei ikkje har konto på X, Tine svarte på nokre av spørsmåla, men ville ikkje svara om Nazipropaganda var negativt for kanalen, det ville heller ikkje avisa Dag og Tid , som stadfestar at dei har ein konto på X, men at dei ikkje brukar den og Power valde heller ikkje å svara på dei konkrete spørsmåla.

LO, Morgenbladet og Unicef har ikkje svara på spørsmåla i det heile.

Det har heller ikkje Wolt, Renteradar eller CMC Markets gjort, som denne veka alle er til stades med annonser på X. 

Så lurar du sikkert på kvifor me valde denne buketten annonsørar? Det er for dei anten er blant dei som brukar mest pengar i SoMe, nokre av dei annonserer aktivt på X, andre er store aktørar og kva dei kommuniserer betyr noko

Når me då spør dei om kvifor dei brukar, eventuelt ikkje brukar X, og om når det sirkulerer det som ser ut som ei annonse for ein openberr nazistisk konto på X kva tenkjer de om det og om det påverkar deira vurderingar om X som kanal å bruka pengar på, er det ekstremt interessant at dei alle vel å ikkje svara på dei spørsmåla.

Eg seier ikkje at den som teier samtykker, men eg seier det er veikt å ikkje ta eit standpunkt i ei slik viktig sak i 2025, i ei verd som er i forandring. Det er aktørar som likar å pryda seg med samfunnsengasjement i andre saker. Kor er det i slike saker? Kvifor ikkje ha ei tydeleg stemma om kva som er greitt eller ikkje greitt når det kjem til å vera til stades på plattformer som tillet slike annonser?

For det er heilt greitt å ta eit val om å vera til stades på X og. Men då vil me gjerne høyra kva vurdering de har tatt for å landa på dette. Det bør ikkje vera korkje vanskeleg eller kontroversielt å argumentera kvifor. 

Det de ikkje seier er like klart og tydeleg som det de seier. Hugs det. 

Litt ryggrad må me kunne forventa av norske bedrifter og organisasjonar. 

———————————————-

Dette er et meiningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS