Halvparten av dei unge har fått reklame for produkt for slanking og større musklar
– Det er eit stort problem når så mange barn og unge får slik reklame. Vi fryktar at dette kan bidra til større kroppspress, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Mens reklame for produkt som skal gi større musklar treffer både jenter og gutar, er jenter særleg utsette for å få reklame for slanke- og skjønnheitsprodukt. Meir enn tre av ti 13–18-åringar har fått reklame for kosmetiske behandlingar, viser undersøkinga Barn og medier 2022 frå Medietilsynet.
Det skriv Medietilsynet i ei pressemelding.
Fleire tidlegare undersøkingar viser at reklame påverkar kroppsbildet til dei unge i negativ retning, og at det er ein samanheng mellom misnøye med eigen utsjånad og psykiske helseplager.
– Det er viktig å få redusert reklame og anna innhald som kan føre til kroppspress overfor barn og unge. Her bør både plattformene som tilbyr tenester i sosiale medium og influensarar med unge følgarar ta ansvar, seier Velsand.
Sosiale medium er bygde opp med algoritmar som gjer at brukarane blir eksponerte for meir av den type saker dei leser eller reagerer på. Det viste NRK nyleg i ei sak der den fiktive guten «Samuel» i løpet av få timar fekk nesten berre innhald om ekstrem trening i TikTok-straumen sin.
Tal frå Medietilsynets undersøking Barn og medier 2022 viser at ni av ti 9–18-åringar er på sosiale medium. TikTok er det sosiale mediet der bruken aukar mest, frå 65 prosent i 2020 til 73 prosent i 2022.
Den nye EU-forordninga Digital Services Act (DSA) skal mellom anna bidra til ein tryggare digital kvardag for barn og unge. Dei nye EU-reglane pålegg sosiale medium-aktørar å vere meir opne om korleis algoritmane fungerer, og brukarane skal kunne velje vekk algoritmar og anbefalingssystem. DSA skal også gjere det enklare å få fjerna innhald som er ulovleg etter norsk lov. Vidare blir det forbode å målrette annonsar mot barn baserte på innhenta persondata om deira interesser og vanar.
DSA skal gjelde i alle land i EU og EØS – og dermed også i Noreg.