Arne Eithun reagerer sterkt på Ole Christian Apelands meiningar om offentlege kommunikatørar.

MEININGAR:

Ole Christian Apeland: Omdømeekspert, eller omdømeknusar?

«PR-topp og omdømeekspert, Ole Christian Apeland, meiner det er mange kommunikasjonsrådgjevarar i det offentlege som har tullejobbar. Snakk om å skyte seg sjølv, og faget, i foten. », skriv Arne Eithun

Publisert Sist oppdatert

I førre veke fann Apeland ut at han skulle spisse blyanten og smi ein kronikk i jarnvarmen av stortingsrepresentant Andreas Skjalg Unneland (SV) sitt forslag om tilsetjingsstopp av kommunikasjonsfolk i staten. 

Sjølvsagt veit ein mann av Apeland sitt kaliber å nytte seg av eit slikt oppspark. 

Færre faste kommunikasjonsrådgjevarar i det offentlege gir kort fortalt meir klingande mynt i kassen til konsulentselskapa. Motivasjonen, eller motivet, til Apeland verkar opplagt og sånn sett ikkje så mykje å kommentere. 

Viser lite respekt for eige fag

Men når ein av dei fremste såkalla kommunikasjonsekspertane i landet viser så lite respekt for eige fag, så bør det inn nokre synspunkt som i alle fall balanserer denne debatten noko.

Det er mange element i kronikken til Apeland som er verd å diskutere, og som bransjen i rette fora bør jobbe med å utvikle. Kva er effektiv kommunikasjon? Korleis måler vi best mogeleg resultat av alle tiltak vi gjennomfører? Korleis sikrar vi at kommunikasjonen byggjer opp om verksemda sin strategi? Kompliserer vi mediearbeidet vårt, i staden for å tenke ei mykje enklare tilnærming – og er vi stand til å bruke ny teknologi best mogeleg? 

Legitime spørsmål både for oss som jobbar i det offentlege, men vel så mykje for dei som tener til livets opphald i eit velrenommert byrå. 

Eg er samd med Apeland i mykje av det han skriv, om det som generelt er utfordringsbilete til kommunikasjonsbransjen. Og det har vore mange gode diskusjonar rundt dette dei siste åra. Der har både KOM24 og Komunikasjonsforeningen vore med å utvikle heile bransjen, og ikkje minst bidrege til at omgjevnadane i dag betre forstår vårt oppdrag og virke.

Men i staden for ei konstruktiv tilnærming røskar Apeland opp pistolen frå lårhylsterer og skyt ut kulepunkt om alt som ikkje fungerer med kommunikasjonen i det offentlege, men som visst nok byråa er langt betre på. 

Apeland kan på ingen måte dokumentere at det er skilnad på kompetansen i PR-byrå versus kommunikasjonsavdelingar i staten. Eller at dei er i stand til å skape større verdiar med sine metodar enn det vi evnar i det statlege. 

Men det er eit inntrykk, eller erfaring, han har. 

Av og til bortkasta pengar

Vel, eg har vore lenge i det offentlege, og vi har visst brukt byrå til ulike oppdrag – alt frå kampanjearbeid, medietreningskurs, rådgjeving eller andre tidsavgrensa prosjekt. 

Dei blir ikkje nytta først og fremst fordi vi manglar kompetansen, men i stor grad på grunn av manglande kapasitet. Av og til bortimot bortkasta pengar, stundom vel brukte pengar. Slik har vi utfylt kvarandre opp gjennom åra, og slik har vi utvikla faget saman. 

Men no kastar altså Apeland den statlege delen av bransjen under bussen, kallar det tullejobbar og omtalar mange rådgjevarar som verdilause tenarar. Alt i eit slags håp om at vi skal bli færre og heller kjøpe tenester når det oppstår behov. 

For det veit han vil skje.

Ei av dei verkeleg store utfordringane til kommunikasjonsbransjen er den kontinuerlege motstanden vi opplever frå journalistar og politikarar. To grupper som historisk har hatt ei oppfatning av at PR- og kommunikasjonsbransjen jobbar mot demokratiske prinsipp, som t.d. openheit og innsyn. 

I mytespinninga kring vårt virke har desse interessentgrupperingane verkeleg klart å skade omdømet til bransjen, og ikkje minst legitimiteten til faget vårt. 

Dette veit Apeland svært godt. 

Og når både kommunikasjonsforeningen og andre interessentar i det siste har gjort mykje for å synleggjere korleis vi brukar nye verktøy for måling, korleis vi har skapt meir openheit, klarare språk til innbyggjarane, betre tilrettelegging for dialog og medverknad etc., så er det altså ein av våre fremste omdømmeekspertar som vel å skade omdømmet vårt. Den såg eg ikkje kome. 

Men slik er det når profitt trumfar fellesskap.

Apeland meiner også at folk ikkje ville merka noko om talet på statlege kommunikasjonsmedarbeidarar hadde blitt halvert. Mannen som brukar halve kronikken på viktigheita av måling, innsikt og analysearbeid stikk her altså berre fingeren i munnen, peikar mot himmelen og spyttar ut eit tal. 

Totalt utan innsikt

Totalt utan innsikt. Berre eit inntrykk.

Kanskje burde han i alle fall prøvd å gje lesarane eit lite innblikk i kvifor det har vore ein framvekst av kommunikasjonsrådgjevarar. Både i privat og offentleg regi. For denne veksten bør ikkje vere ei særleg stor overrasking for nokon, spesielt dersom vi ser det i lys av den «digitale revolusjonen» og det store temposkiftet samfunnet har stått i dei siste tjue åra. 

Offentlege verksemder, organisasjonar, næringsliv og politiske parti eig i dag sine eigne publiseringskanalar, enten det er eigne nettsider eller sider på sosiale medium. 

At dei ynskjer eit profesjonelt innhald i desse kanalane er eit kvalitetsteikn. Ikkje det motsette. I tillegg er media blitt 24–7 i denne digitale revolusjonen, og sånn sett auka behovet for både pressevakter og medierådgjevarar. 

Også det er eit kvalitetsstempel. Ikkje det motsette. 

Det at eigne kanalar blir brukte til å vise fram både suksesshistorier, positive saker og andre ting som er bra, er ikkje automatisk propaganda og verdilaust arbeid. Det er faktisk heilt naturleg, og ofte ein del av den plikta vi har gjennom staten sin kommunikasjonspolitikk.

Tullestillingar, som du kallar det, og folk som ikkje skapar verdiar finst det innanfor alle fagkategoriar Apeland – kanskje til og med i dine eigne rekker. 

Du hadde mange gode poeng i kronikken din, men det er nok dessverre berre overskrifta som blir hugsa – og den kjem til å bli brukt mot oss, og deg. 

Nok ein gong. 

———————————————-

Dette er et meiningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS